Kven kan få tilbod om gratis skuleskyss?

1. Avstanden mellom heim og skule

  • elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
  • elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen

2. Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

  • elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har òg rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane. 

3. Andre grunnlag

  • elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • elevar som bur i to heimar kan ha rett til skyss til begge foreldra sine adresser.

Slik søker du om skuleskyss

Logg inn på Visma føresettportalen for å søke om skuleskyss.

Alle førsteklassingar får informasjon om skuleskyss i oppstartsmøte før skulestart. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med skulen din om skysstilbodet.