Kommunen vil i første omgang busetja flyktningar frå Ukraina i Balestrand. Det er i denne delen av kommunen me har best kapasitet i tenestene til å ta imot dei som kjem, og både dei kommunale tenestene og folk i Balestrand gjev uttrykk for at dei er godt førebudde.

Fleire finn bustad sjølve

Det syner seg at svært mange av flyktningane som har kome frå Ukraina til Noreg, skaffar seg bustad sjølve på den private markanden.

Slik er det også i Sogndal kommune, og kommunen har då i liten grad moglegheit til å styra kvar desse buset seg. Det vil difor bu ukrainske flyktningar i fleire delar av kommunen – ikkje berre i Balestrand – også no i den første fasen av busettinga.

Må søkja om busetting

Det er viktig at flyktningar som bur privat Sogndal kommune, søkjer om å bli busette i kommunen når dei har fått opphaldsløyve. Dei som alt har skaffa seg bustad privat, kan ta kontakt direkte med flyktningtenesta i kommunen. Flyktningtenesta ser på leigekontrakten, bustaden og andre omstende og melder frå til Imdi, som gjer vedtak om busetting.

Flyktningar kan også søkja om busetting med offentleg hjelp. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på nettsida til Imdi: Søknad om bosetting med offentlig hjelp for privatboende | IMDi

Dersom flyktningar som bur privat i kommunen, ikkje søkjer om busetting, får dei færre rettar.

God respons på bustad

Kommunen gjekk for eit tid tilbake ut og etterlyste private bustader som kommunen kan nytta til flyktningane som kjem. Me har fått svært god respons, noko me set stor pris på. Me har ikkje behov for at fleire melder inn bustader til dette føremålet no, og registreringsskjemaet er difor stengt.

Registreringa som er gjort av aktuelle private bustader er uforpliktande for kommunen og for utleigar. Kommunen kan få behov for å leiga fleire bustadar til dette føremålet seinare, men det kan vera langt fram i tid, og me oppmodar utleigarar om å leiga ut bustadane til andre, så lenge dei ikkje har skrive ein avtale med kommunen.

Les meir: Flyktningar frå Ukraina - SOGNDAL KOMMUNE