Aktuelt

Balestrand legekontor har ei tid hatt redusert legebemanning og difor redusert kapasitet, men snart er ein vikarlege på plass. Lege Arun Das, som er svensk, er å treffa på legekontoret i Balestrand frå 5. februar. Han skal vera vikar for Heidi Eilifsen, som har utdanningspermisjon. Du kan ta kontakt med legekontoret dersom du treng legetime.

Timebestilling

Via telefon: 57 65 13 00 eller på nettsida: https://www.helsenorge.no/

Opningstider 

Måndag-fredag 08.00-15.00

Telefon:
Måndag 09.00-11.30 og 12.30-15.00
Tirsdag-fredag 08:00 -11:30 og 12.30-15.00

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp utanfor telefontida hald linja og vent på svar.

Landsdekkande legevaktnummer: 116 117

Ved akutt behov for legehjelp ring 113

Personalmøte: måndagar klokka 08-09
Lunsj: klokka 11.30-12.00

Besøksadresse

Balestrand helsesenter
Kong Beles veg 6
6898 Balestrand

Postadresse

Balestrand helsesenter
Postboks 73
6898 Balestrand

Me som jobbar her

Kommunelege og helsestasjonslege Heidi Eilifsen, 100% stilling (utdanningspermisjon fram til 31. august 2024 - vikarlege Arun Das)

Fastlege og avdelingsleiar Jenny Kristin Menes, 70% stilling

Tilsynslege Balestrand helsetun Lisa Susanne Grinde, 20 % stilling 

Akutt-sjukepleiar Ingunn S. Feidje, 100 % stilling

Legesekretær/helsefagarbeider Anne Karin S. Sjøthun, 100 % stilling

Betaling

Balestrand legekontor nyttar betalingsautomat frå Convene. For å unngå fakturagebyr (81 kroner), må rekninga betalast på automaten på legekontoret samme dag som du har vore i kontakt med legekontoret. Faktura vert send ut via Convene. Fakturaen kjem på SMS eller som post. Det er difor viktig å opna SMS frå Convene for å unngå unødige inkassovarsel.
Meir informasjon finn du på nettsida til Convene.