Team frivillig engasjement skal jobba for å støtta opp om frivillige engasjement og leggje til rette for samarbeid mellom kommunen og frivilligheita. 

Me ønskjer å få til gode samarbeid og samskaping med frivilligheita, samt rettleie frivillige organisasjonar i mellom anna søknadsskriving og inspirere frivillige til å vidareutvikle det gode arbeidet som blir gjort i heile kommunen vår.  

Visste du at kommunen tilbyr fleire verktøy og ressursar for frivilligheita?  

  • Tilskuddsportalen: Gratis tilgang for alle lag og organisasjonar – finn aktuelle tilskotsordningar og få hjelp til søknadsskriving. 

  • Fritidskasse  – tilskot til deltaking i fritidsaktivitetar  

  • Utstyrssentralar: I Sogndal kommune har vi tre utstyrssentralar med gratis utleige av diverse fritidsutstyr for alle aldrar. Du finn desse i Sogndal, Balestrand og på Leikanger. 

  • Kva skjer?: Oversikt over kva som skjer i kommunen. Lag og organisasjonar kan og legge ut sine aktivitetar og arrangement her.  

Har du spørsmål knytt til frivillig arbeid eller berre er nysgjerrig på kva team frivillig engasjement jobbar med, ta kontakt med ein i teamet!  

Medlemmane i teamet er: