Om eksamen

Kvar elev blir trekt ut til munnleg eksamen i eitt fag.

Det er kommunen som har ansvar for å lage og organisere gjennomføring av munnleg eksamen. Kommunen følgjer rutina til Sogn regionråd for gjennomføring. UDIR har òg utarbeida reglar for gjennomføring

Munnleg-praktisk eksamen

Munnleg-praktisk eksamen er ein ny eksamensmodell som blei innført i høve ny læreplan Kunnskapsløftet. Den handlar i stor grad om at elevane skal gjennomføre ei praktisk oppgåve til eksamen og er foreløpig mogleg å bli trekt ut til i føljande fag: Matematikk, naturfag og arbeidslivsfag. Det praktiske innslaget kan til dømes vere noko eleven utfører eller demonstrerer. Det kan bygge på noko eleven har laga eller samla i løpet av opplæringa og må tilpassast tidsramma for eksamen.

Les meir om munnleg-praktisk eksamen her

Forskrift til opplæringslova

I forskrift til opplæringslova kan du lese om krava til munnleg eksamen.