Undervegsvurdering

Elevar går på skule for å lære, ikkje primært for å verte vurdert

Trykk her for å sjå informasjon frå UDIR om vurderingspraksis i skulen.

I videoen vert det vektlagt at kompetanse like gjerne kan komme til syne i daglege læringsaktivitetar der elevane jobbar med å meistre utfordringar, og løyse oppgåver i kjente og ukjente samanhengar og situasjonar. 

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Den skal vere ein integrert del av opplæringa og skal nyttast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i faget. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg. 

I undervegsvurderinga i fag skal elevar 

  • delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eigen læring og faglege utvikling
  • forstå kva dei skal lære og kva som vert forventa av dei
  • få vite kva dei meistrar
  • få råd om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Les meir om undervegsvurdering her

Sluttvurdering

Eleven skal ha sluttvurdering ved avslutning av opplæringa i fag/grunnskule. Sluttvurdering er standpunktkarakterar i fag, og i tillegg ein skriftleg og munnleg eksamen. 

Standpunkt

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kvart enkelt fag ved avslutning av opplæringa. Les meir om standpunktkarakter på heimesida til UDIR.

Eksamen

Ein eksamenskarakter gjev uttrykk for den kompetansen eleven viser på eksamen. Les meir om eksamen på denne sida. 

Skilnad på standpunkt og eksamen

Standpunktkarakter og eksamenskarakter skal gje informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i faget. Dei to karakterane gjev ulike uttrykk for sluttkompetanse, der rammene for karakterane er ulike. Dermed er karakterane heller ikkje direkte samanliknbare. 

Eksamenskarakter utgjer omlag 20 prosent av karakterane på vitnemålet. Det betyr at standpunktkarakterane har størst betydning for inntak til vidaregåande opplæring, opptak til vidare studiar eller framtidig arbeidsliv.