Skriftleg eksamen

Ein elev som er misnøgd med karakteren kan klage i tråd med disse kriteria: 

  • Eleven må klage innan ti (10) dagar etter at karakteren er gjort tilgjengeleg
  • Eleven bør rådføre seg med ein lærar før eleven klagar.
  • Eleven må levere klagen skriftleg og skrive under på den.
  • Eleven treng ikkje å grunngje klagen
  • Eleven leverer klagen til skulen.

Resultatet av klagen kan vere at eleven beheld karakteren, eller at eleven får bedre eller dårlegare karakter. Skulen informerar eleven om resultatet av klagen. 

Frist for skulen

Når skulen mottek klage på skriftleg eksamen skal skulen registrere den og sende eksamenssvaret til statsforvaltaren som har ansvar for klagebehandlinga. 

Klagen må vere hjå statsforvaltaren seinast 1. juli 2024, for at resultatet skal kunne registrerast før opptak til vidaregåande opplæring. 

Klagebehandling vert gjennomført i veke 27 (1. - 5. juli 2024). Skulen sørger for at klagaren får melding om resultatet frå klagebehandlinga. 

Les meir her

 

Munnleg eksamen

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Formelle feil kan til dømes vere feil med eksamensoppgåvene, eksamensavviklinga eller sensuren. Til munnleg og munnleg-praktisk eksamen er det ikkje anledning til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhold i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eller munnleg-praktisk eksamen, med ny sensor.