Elevar på 10. trinn blir trekte til skriftleg eksamen i eitt fag.

Informasjon om eksamen og datoar for trekk og gjennomføring av skriftleg eksamen finns på UDIR.

Elevpålogging eksamen.

Nytt til eksamen

Trykk på lenkja for å lese om kva som er nytt til eksamen i år.

Sentrale endringar: 

  • Nytt digitalt gjennomføringssystem i norsk og engelsk
  • I engelsk vert det lytteoppgåver 
  • Elevar med fritak frå norsk sidemål får ein eksamensdag
  • Det blir gjort justeringar i førebuingsdelane på grunn av tilgjengeligheit og bruk av kunstig intelligens. Blant anna vil mange fag ikkje lenger få oppgitt tema i førebuingsdelen. 
  • Bruk av tekstgeneratorar som chatGPT er ikkje tillate under eksamen. 
  • Tekstgeneratorar som chatGPT er heller ikkje ei påliteleg kunnskapskjelde å nytte på førebuingsdagen. Vel eleven likevel å nytte den til førebuing må eleven markere det i teksten, og vise til referanse i kjeldelista, saman med kjeldene.

 

Eksamensforskrift til opplæringslova

Lenkje til forskrift til opplæringslova. 

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

Om elevar skal trekkjast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen. Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast. 

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er. Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar.

Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. 

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Særskilt tilrettelegging ved eksamen

Elevar med behov for særskilt tilrettelegging skal få forholda lagt til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i faget. Tiltaka må vere tilpassa behovet til eleven så langt råd er. Det skal ikkje gis meir tilrettelegging enn det kandidaten har behov for, og den skal ikkje gje fordeler framfor andre kandidatar som ikkje har det. 

Døme på særskilt tilrettelegging kan vere: 

  • Lengre tid
  • Få oppgåva på teiknspråk/punktskrift
  • Bruk av tale-til-tekst-program
  • Ekstra belysning m.m. 

Føresette til barn som har behov for særskilt tilrettelegging tek kontakt med rektor som avgjer om og eventuelt kva det skal tilretteleggast for i forkant av eksamen. 

Hjelpemiddel til eksamen

På eksamensdagen er det ikkje ope internett. Skuleeigar utarbeidar årleg ei oversikt over 15 nettbaserte hjelpemiddel elevane kan nytte til eksamen. 

Til eksamen vår 2024 kan elevane nytte desse hjelpemidla: 

NB! Lista kan verte oppdatert av skulane innan veke 8. 

Nettbaserte leksikon/ oppslagsverk:URL

Kommentar/

Fag det er mest relevant for:

  1.  
Store norske leksikonhttps://snl.no/Alle fag, særleg norsk.
  1.  
Statistisk sentralbyråhttps://www.ssb.no/Statistikk
  1.  
Thesaurushttps://www.thesaurus.com/Synonym
  1.  
Britannicahttps://www.britannica.com/Engelsk
Nettbaserte ordbøker:URLKommentar/ Fag:
  1.  
Ordbøkene.nohttps://ordbokene.no/Norsk
  1.  
Lexinhttps://lexin.oslomet.no/#/Norsk og engelsk.
Nettbaserte læremiddel/-ressursar:URLKommentar/ Fag:
  1.  
Gyldendal Skolestudiohttps://www.skolestudio.no/Læreverk i alle aktuelle fag.
  1.  
NRKhttps://www.nrk.no/

Oppslagsverk med artiklar.

Norsk

  1.  
Creazahttps://web.creaza.com/no/

Teikneseriar, tankekart og andre kreative tekstar.

Norsk og engelsk.

  1.  
Pexelshttps://www.pexels.com/nb-no/

Bilete til gjenbruk.

Norsk og engelsk.

  1.  
Kildekompassethttps://kildekompasset.no/

Informasjon om kjeldetilvising.

Norsk og engelsk.

  1.  
Norsksidenehttps://norsksidene.no/web/Norsk
  1.  
Campus Inkrementhttps://campus.inkrement.no/Matematikk
  1.  
Makecodehttps://makecode.microbit.org/

Programmering

Matematikk

  1.  
Matematikk.nethttps://matematikk.net/side/ForsideMatematikk