Sogndal kommune har følgjande plasstilbod

  • Morgonplass som følgjer skuleåret
  • Ettermiddagsplass som følger skuleåret
  • Ettermiddagsplass, to dagar (2 fastsette vekedagar som følger skuleåret)
  • Ettermiddagsplass, tre dagar (3 fastsette vekedagar som følger skuleåret).
  • Heilplass som følger skuleåret
  • Heilplass inkludert alle skulefrie periodar
  • Gratis 12-timarsplass 08.00 – 15.00 dagleg for 1. og 2. klassingar
  • 12-timarsplass 08.00 – 15.00 dagleg som følger skuleåret for 3. – 4.klassingar
  • Kjøp av dagar / veker i skulefrie periodar. Dette vert gjort manuelt for kvar gong gjennom eigen søknad til rektor.

I skulefrie periodar får alle elevar på 1. og 2. trinn tilbod om 2 dagar gratis plass pr veke, i tillegg til einskilddagar som er utanfor skuleruta. Desse dagane må avklarast på førehand. 

Det er berre kjøp av dagar / veker i skulefrie periodar ein kan kombinere med andre tilbod.

Ein har plassen på SFO til barnet går ut av 4. klasse, eller til den vert sagt opp skriftleg.