Søknad og opptak

Informasjon om ny søknadsportal

Informasjonsvideo

Søk her

Les meir om dei enkelte barnehagane

Les vedtektene for meir informasjon.
 

Rett til barnehageplass

  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars. 
  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i august, september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født. 
  • Vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

 

Enkelte barn har rett til prioritet. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Redusert betaling

Dersom du har låg inntekt og kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling, hugs at du må søkja på nytt ved kvart barnehageår.

Informasjon om redusert foreldrebetaling

Oppseiing og endring av barnehageplass

Gjensidig oppseiingstid er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Oppseiinga skal vere skriftleg.

Dersom du ynskjer å bytta til annan barnehage eller endra opphaldstid i noverande barnehage må du óg nytta søknadsportalen
Tildeling av plass i ny barnehage fører automatisk til at tidlegare barnehageplass vert sagt opp.