Søknadsskjema med følgjande vedlegg sendast til kommunen.

Dokumentasjon som skal leggjast ved i alle søknadar jf. forureiningslova § 12-4:

  1. Skriftleg, fullstendig søknad som inneheld dei naudsynte opplysningane kommunen treng for handsaming irekna:
    a. Den ansvarlege sitt namn og adresse
    b. Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i § 12-7 til § 12-13, eller om det søkjast om å fråvika desse
    c. Dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivastd. Plassering av avlaupsanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller størree. Utsleppet si storleik i personekvivalentar (pe)f. Skildring av utsleppsstaden g. Interesser som kan bli påverka av etableringa, som interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd h. Oversikt over kven som skal varslast i. Samtykkje frå kommunen si planmyndigheit om utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova
  2. Partar og andre som kan blir særleg påverka av saka skal varslast om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen samstundes som partar og andre vert varsla. I varselet skal det komma fram at fråsegn må vera komme til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varselet er sendt. 
  3. Søknad sendast til kommunen etter at fristen for uttale er utgått, saman med kvittering for at varsel er sendt og eventuelle merknadar. 

Samstundes skal andre relevante opplysningar som kommunen treng for at saka skal bli «så godt opplyst som mogeleg» jf. forvaltningslova § 17 sendast inn. Døme på dokumentasjon som må leggjast ved når det er relevant for den enkelte saka:

  • Uttale frå landbruk- og naturforvaltning når avlaupsanlegget skal plasserast i dyrka mark eller dyrkbar mark
  • Tilstandsvurdering av det eksisterande avlaupsanlegget om anlegget skal behaldast for vidare bruk. Dette kan inkluderast i fagrapporten. 
  • Tinglyst erklæring om bruksrett til veg over naboeigedom 
  • Tinglyst avtale om fordeling av eigarskap og ansvar for drift og vedlikehald av felles privat avlaupsanlegg
  • Profilskildring/teikningar/snitt/grøfteprofil når det skal etablerast filteranlegg. Denne kan inkluderast i fagrapporten  
  • Andre samtykkjer eller løyver t.d. frå andre relevante partar, dispensasjonar gjeve av andre etatar/einingar 
  • Drifts- og serviceavtale for minireinseanlegg 
  • Dokumentasjon på løysing for gråvatn

Føretak som skal ha ansvarsrett under ein av funksjonane som søkjar, prosjekterande, utførande eller kontrollerande ved gjennomføring av søknadspliktige tiltak, må anten ha sentral godkjenning som dekkjer oppgåva som skal utførast, eller senda inn erklæring som stadfesta at føretaket tek på seg det juridiske og offentlege rettslege ansvaret.