Ingen kan sette i verk nye utslepp eller auka utslepp vesentleg utan at det er gjeve løyve. Kravet om løyve gjeld både påslepp til avlaupsnett og ved direkte utslepp til resipient. Kravet gjeld uansett reinseløysing, og gjeld og når oljehaldig avlaup går til tett tank. 

Hensikta med søknad om utsleppsløyve er å avgrensa og kontrollera utslepp eller påslepp av oljehaldig og feitthaldig avlaupsvatn som kan føre til forureining av miljøet, samt skapa driftsproblem for kommunale avlaupsnett, pumpestasjonar og reinseanlegg. 

Oljehaldig avfall er miljøfarleg, og sjølv små mengder olje kan øydeleggje store mengder vatn. 

Kven treng ein oljeutskiljar?

I medhald til kap. 15 i forureiningsforskrifta skal oljehaldig avlaupsvatn frå verksemder som har vaskeplass, smørjehall, servicehall eller liknande, plassera eit anlegg for oljeutskiljing før utslepp (inkludert påslepp til kommunalt nett): 

  • Bensinstasjonar
  • Vaskehallar for køyretøy
  • Motorverkstadar
  • Bussterminalar  
  • Verkstadar og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner og skinnegåande materiell
  • Anlegg for understellsbehandling 

For verksemder som har utslepp av oljehaldig avlaupsvatn, men som ikkje er nemnde ovanfor kan forureiningsmyndigheita stille krav etter forureiningsforskrifta kap. 15 A-4. 

Korleis fungerer ein oljeutskiljar?

Eit oljeutskiljar anlegg er eit reinseanlegg for behandling av oljehaldig avlaupsvatn, og som består av eit sandfang, gravimetrisk oljeutskiljar og ein prøvetakingskum (figur 1). Med oljehaldig avlaupsvatn meiner ein avlaupsvatn som inneheld motorolje, smøre feitt, parafin, White-sprit, bensin og liknande. 

Ein oljeutskiljar er ei gravimetrisk eining som er konstruert for å separera olja frå avlaupsvatn. Olja samlar seg i utskiljaren medan det reinsa avlaupsvatnet vert leia vidare til avlaupsnett eller til resipient som illustrert under. Separasjonsprosessen er basert på tettheit til olja og storleiken på oljedråpane. For at olja skal stige til overflata i utskiljaren er det viktig å oppretthalde tilstrekkeleg opphaldstid. Utskiljaren må ha dykk på utløp som hindra olja frå å komme inn i utlaupskassa. Utlaupskassa skal vera dekkja med lokk.  

Når er det krav om utsleppsløyve for oljehaldig avlaup?

Nye utslepp av oljehaldig avlaupsvatn kan ikkje etablerast utan godkjent utsleppsløyve. Det er viktig å merke seg at det skal søkjast om løyve når:

  • Utsleppet vert vesentleg auka (+25 %)
  • Utsleppspunktet eller storleik på utskiljar vert endra
  • Endring i type oljehaldig avlaupsvatn (t.d. at det vert etablert ei verksemd som slepp ut oljehaldig avlaupsvatn av ein anna samansetning enn det anlegget er dimensjonert for)

Kva er reinsekrav til oljehaldig avlaupsvatn?

I medhald til forureiningsforskrifta § 15-7 er standardkravet at oljeinnhaldet i avlaupsvatn ikkje skal overstiga 50 mg/liter ved normale driftsforhald. Forureiningsmyndigheita kan stille strengare krav enn standardkravet til utslepp eller nekte utslepp på grunnlag av ei vurdering av forureiningsmessige ulemper. 

Søknad om utsleppsløyve for oljehaldig avlaupsvatn

Søknad om utsleppsløyve sendast til kommunen saman med naudsynt dokumentasjon som: 

  • FDV-dokumentasjon for oljeutskiljaranlegg
  • Produktsertifikat for oljeutskiljaranlegg
  • Dimensjoneringsgrunnlag for oljeutskiljaranlegg
  • Situasjonskart/leidningskart M1:1000 og 1:500 (med beskriving av oljeutskiljaren si plassering i forhald til bygningar, utsleppsstad eller tilknytingspunkt til offentleg nett)
  • Skisse over alle innvendige tappepunkt/røyr til oljeutskiljaranlegg
  • Tømmeavtale
  • Oversikt over brukarinteresser som drikkevassforsyning, rekreasjon og næringsverksemd, og nabovarsel til rørte partar med kvittering
  • Samtykkje frå kommunen si planmynde om utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova
  • Avtale om anlegg og leidning på anna eigedom
  • Avtale om kopling til privat felles leidning 
  • Eventuell anna relevant dokumentasjon

Sakshandsamingstida ved komplett søknad vil normalt ikkje overstige 6 veker. I nokre tilfelle kan det vere løysingar som må vurderast nærmare og sakshandsamingstida kan då verte utvida. 

Andre søknadar

Det skal søkjast om byggeløyve for installasjon av oljeutskiljar, og det skal søkjast om grave- og sanitærmelding for tilknyting til kommunalt avlaupsnett. 

Levering av avfall

Avfallsforskrifta § 11-8 seier at verksemder som handtera farleg avfall skal levere dette minst ein gong i året, til ei verksemd som har lov til å handtere farleg avfall. Avfall frå oljeutskiljar vert rekna som farleg avfall. 

Årsrapport for oljeutskiljar

Eit oljeutskiljaranlegg skal tømmast, kontrollerast og ein skal utføre prøvetaking minimum 1 gong pr. år. Alle verksemder med oljeutskiljar skal sende inn årsrapport til Sogndal kommune innan 1. mars kvart år. Det skal føreligge ein årsrapport pr. oljeutskiljar. Analyserapport for prøvane av avlaupsvatnet skal inkluderast i årsrapporten. Prøva skal analyserast av eit laboratorium som er akkreditert for å bestemme oljeinnhaldet i vatn. 

Nedlegging

Ved nedlegging eller fjerning av oljeutskiljar, skal Sogndal kommune varslast med sanitærmelding.