Sogndal kommune ønskjer at ein fagrapport vert inkludert som eit vedlegg i søknad om utsleppsløyve for anlegg som er omfatta av kap. 12 i forureiningsforskrifta. 

Kvifor ønskjer Sogndal kommune ein fagrapport?

Den nøytrale fagkyndige skal vera uavhengig ved val av avlaupsløysing, og finne løysinga som er best eigna for kunden.

For tiltakshavar skal det gje ei betre forståing av kva som er grunnlaget for den anbefalte avlaupsløysinga.

Kva skal ein fagrapport innehalda?

Fagrapporten skal innehalda følgjande punkt, lista er ikkje uttømmande: 

Innleiing

  • Kontaktinformasjon på tiltakshavar
  • Adresse, gbnr. og kommune for den aktuelle eigedomen
  • Kven som har utført dei naudsynte undersøkingane og vurderingane

Dimensjoneringsgrunnlag

  • Tilknytte eigedommar – heilårsbustad eller fritidsbustad?
  • Største forventa vekentlege organisk stoffbelastning (pe) 
  • Største hydrauliske døgnbelastning (liter/døgn)
  • Tal bruksdøgn pr år for fritidsbustad

Om det faktiske tal sengeplassar i ein bygning overstig tal forventa sengeplassar – skal det faktiske tal sengeplassar nyttast for dimensjonering. 

Stadlege forhald

Stadlege forhald skildrast ut frå innhenta informasjon frå nettet om eigedomen og nærområdet, og registreringar frå synfaring i felt (helst med bilete som syner dei lokale forhalda). Det skal konkluderast om dei stadlege massane kan nyttas til infiltrasjon av sanitært avlaupsvatn. 

Dersom dei stadlege massane kan nyttast til infiltrasjon, skal grunnundersøkingar og resultat dokumenterast. Dokumentasjon av grunnundersøkingane, inkludert infiltrasjonstest eller kornfordelingsanalyse, samt skildring av jordprofil skal leggast ved i fagrapport som følgjande:

  • Bilete av grunnforholda frå skovelbor/sjakting
  • Bilete av infiltrasjonstest 
  • Skildring av jordprofil 
  • Resultat av infiltrasjonstest/kornfordelingsanalyse 

Kartlegging av brukarinteresser

Alle brukarinteresser i nærområdet skal kartleggjast og vurderast før val av avlaupsløysing vert gjort. 

Val av avlaupsløysing

Anbefalt avfallsløysing grunngjevast og skildrast – som grunnlag for prosjekteringa. 

For avlaupsløysing med infiltrasjonsfilter: 

  • Det skal skildrast kvar infiltrasjonsfilteret kan etablerast, kor djupt i jordprofilet infiltrasjonsflata kan etablerast, og korleis infiltrasjonsfilteret kan utformast med ei prinsippskisse av filteret. 
  • Det må leggjast ved ein situasjonsplan/oversiktsplan der infiltrasjonsfileter og registreringar frå dei detaljerte grunnundersøkingane er teikna inn. Sjå eksempel i vedlegg 5. 
  • Dimensjoneringsgrunnlaget for slamavskiljar og infiltrasjonsfilter skal dokumenterast. 
  • Fordelingsprinsipp skal skildrast
  • Utstrøymingsområdet sin hydrauliske kapasitet skal kontrollerast, og berekning av opphaldstid dersom det føreligg brukarinteresser som kan bli røyrde av utsleppet. 

For slamavskiljar med utslepp til sjø:

  • Dimensjoneringsgrunnlaget for slamavskiljar må dokumenterast. 

For minireinseanlegg til infiltrasjonsfiler: 

  • Dimensjonersgrunnlag for minireinseanlegg og infiltrasjonsfiler må dokumenterast. 
  • Utstrøymingsområdet sin hydrauliske kapasitet skal kontrollerast og berekning av opphaldstid dersom det føreligg brukarinteresser som kan bli røyrde av utsleppet. 

For kjeldeseparerande løysingar: 

  • Dimensjoneringsgrunnlaget for tett tank, slamavskiljar for gråvatn og infiltrasjonsfilter må dokumenterast.

Avvik frå forureiningsforskrifta

Om det søkjast om avvik for avlaupsløysinga frå krava i forskrifta må dette grunngjevast særskilt, slikt at forureiningsmyndigheita (kommunen) har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere dette. 

Drift og vedlikehald

Skildra behov for slamtømming, samt drift- og vedlikehald for den aktuelle reinseløysinga. 

Vurdera tilgjengelegheit (avstand og vegstandard) for slamtømming i medhald til renovasjons- og slamforskrift for SIMAS IKS § 16 femte ledd, jf. § 12.