Ingen kan sette i verk nye utslepp eller auka utslepp vesentleg utan at det er gjeve løyve. Kravet om løyve gjeld både påslepp til avlaupsnett og ved direkte utslepp til resipient. Kravet gjeld uansett reinseløysing, og gjeld og når oljehaldig avlaup går til tett tank. 

Hensikta med søknad om utsleppsløyve er å avgrensa og kontrollera utslepp eller påslepp av oljehaldig og feitthaldig avlaupsvatn som kan føre til forureining av miljøet, samt skapa driftsproblem for kommunale avlaupsnett, pumpestasjonar og reinseanlegg. 

Oljehaldig avfall er miljøfarleg, og sjølv små mengder olje kan øydeleggje store mengder vatn. 

Kven treng ein feittutskiljar?

Alle verksemder som produserer, førebur eller behandlar varm mat skal installera ein feittutskiljar før påslepp til kommunalt avlaupsnett. Dette gjeld blant anna:

  • Restaurantar
  • Kafear/konditori
  • Catering/ferdigmatprodusentar
  • Gatekjøkken/kioskar
  • Kantiner
  • Slakteri
  • Kjøttfordelingsbedrifter  
  • Hermetikkindustri
  • Margarin- og matoljeindustri
  • Friteringsindustri
  • Bakeri
  • Meieri
  • Røykeri
  • Matbutikkar med steike- og grillavdeling 

Korleis fungerer ein feittutskiljar?

Ein feittutskiljar fungera basert på prinsippet om at feitt er lettare enn vatn. I feittutskiljaren flyt feittet opp til overflata og vert helde tilbake, medan vatnet renn vidare ut i avlaupsnettet. Utskiljaren skal vera ut styrt med dykka utlaup som sikra at feitt vert heldt avskilt frå utlaupet og utlaupskassa. 

For å oppnå at så mykje som mogeleg av feittet vert helde tilbake, er det viktig med låg temperatur på vatnet og lang opphaldstid. 

For at feittutskiljaren skal fungera effektivt, må han tømmast og reingjerast regelmessig. 

Korleis skal frityrfeitt handterast?

Større mengder konsentrerte feittmengder som t.d. frityrfeitt må ikkje leiast til utskiljaren. Dette grunna at frityrfeitt stivna raskt og kan føre til problem. Frityrfeitt må samlast opp og leverast til godkjent mottak. 

Søknad om utsleppsløyve for feittholdig avlaupsvatn

Søknad om utslepp av feitthaldig avlaupsvatn må sendast til kommunen med følgjande vedlegg: 

  • FDV-dokumentasjon for feittutskiljar
  • Produktsertifikat for feittutskiljar
  • Dimensjoneringsgrunnlag for feittutskiljar
  • Situasjonskart/leidningskart M1:1000 og 1:500 (med beskriving av plassering i forhald til bygningar og tilknytingspunkt)
  • Skisse over alle innvendige tappepunkt/røyr til feittutskiljaren
  • Tømmeavtale
  • Avtale om anlegg og leidning på annan eigedom
  • Avtale om tilkopling til privat leidning
  • Eventuell anna relevant dokumentasjon 

Andre søknadar:

De må søkjast om byggjeløyve for installasjon av feittutskiljar, og det må søkjast om grave- og sanitærmelding for tilknyting til kommunal avlaupsnett. 

Årsrapport for feittutskiljar

Alle verksemder med feittutskiljar skal sende inn årsrapport etter tømming/inspeksjon til Sogndal kommune innan 1. mars kvart år. 

Nedlegging

Ved nedlegging eller fjerning av feittutskiljar, skal Sogndal kommune informerast med ei sanitærmelding.