Planlegging av nytt avlaupsanlegg

Mange avlaupsanlegg er av eldre karakter, nokon er øydelagde, nokon manglar utsleppsløyve og/eller ikkje innfrir dagens krav til utslepp som vert stilla i forureiningsforskrifta. Dette kan føre til at det må byggjast mange nye avlaupsanlegg i åra framover. Nokon er godt i gang, nokon er i startgropa, og nokon veit at dei truleg vil få pålegg, men ikkje heil kva eller når. 

Å planleggje for ombygging/etablering av eit nytt avlaupsreinseanlegg er ein omfattande jobb. Den som søkjer om å få forureine, har ein stor og viktig jobb med å kartleggje, vurdere og dokumentere viktige forhald for å vera sikker på at løysinga som vert valt gjer minst mogeleg skade på miljøet. 

Planleggingsfasen inkludera t.d. tekniske vurderingar, vurderingar knytt til belastning og dimensjonering, vurdering knytt til reinseprosessar, vurdering av resipientforhald m.m.  I tillegg inneberer planleggingsfasen ei rekkje andre forhald, t.d. knytt til lokalisering av anlegg og reguleringsplanar. 

Under er ei sjekkliste for planlegging og prosjektering av avlaupsreinseanlegg. Sjekklista skildra kva moment den som planlegg eit avlaupsreinseanlegg må ta omsyn til, og i kva rekkjefølgje dei ulike oppgåvene bør løysast. Sjekklista er ikkje ein mal eller fasit på korleis prosjektering av eit avlaupsreinseanlegg skal gjennomførast, men meint som hjelpemiddel og utgangspunkt. 

2. Førebuande undersøkingar vert utført av nøytral fagkyndig

  • Arealplanar
  • Huseigar sitt behov i dag og mogleg maksimal belastning i framtida
  • Vurdera moglegheit for tilknyting til offentleg avlaupsleidning 
  • Lokal forskrift eller retningslinjer
  • Kart og flyfoto
  • Sjekk av databasar:
    • Drikkevasskjelder
    • Tilstand på resipient 
    • Naturtype
    • Kulturminne
    • Forureina grunn
    • Flaum
    • Kvikkleire
  • Vurdere behov for forhandskonferanse 

3. Undersøkingar i felt utført av nøytral fagkyndig

  • Utsjekk og innmåling av registrerte brukarinteresser
  • Kartlegging av mogeleg, øvrige brukarinteresser
  • Vurdering av eksisterande anlegg ved rehabilitering 
  • Vurdering av topografiske forhald og fjell
  • Vurdering av vegetasjon 
  • Vurdering av hydrologiske og geologiske forhald
  • Vurdering av utsleppstad/utstrøymingsområde
  • Vurdere forhalda for slamtømming og stoppeplass

4. Val av reinseløysing utført av nøytral fagkyndig

  • Bruke løysingane frå forundersøkingane og undersøkingane i felt 
  • Heilskapleg vurdering av forureiningssituasjonen og brukarinteresser 
  • Konkludere med anbefalt reinseløysning 
  • Rammer for plassering vist i kart

5. Detaljprosjektering (PRO + utslepp)

  • Bruke grunnlaget frå nøytral fagkyndig 
  • Velje, beskriva og dokumentere reinseløysing i detalj frå husvegg til utsleppspunkt/utstrøymingsområde
  • Beskriva forhaldet til evt. eksisterande anlegg
    • Dokumentasjon på delar som skal brukast opp att
  • Beskriva forhald som er viktige for drift og vedlikehald:
    • Behov for slamtømming
    • Instruks for slamtømming 
    • Behov for prøvetaking 
    • Instruks for prøvetaking 
    • Innstillingar for lengre periode utan bruk 
    • Andre forhald som er viktige for drift og vedlikehald
  • Dokumentere dimensjonering
  • Utarbeide situasjonsplan 

6. Søke om løyve

  • Søknadsskjema  
  • Kart
  • Dokumentere kompetanse for prosjektering og utføring
  • Nabovarsling  
  • Gjennomføringsplan
  • Avtale om rettigheitar
    • Tilknyting til fellesanlegg
    • Anlegg på annan manns grunn 
  • Dokumentasjon av vald anlegg
  • Beskriving om vilkår for drift og vedlikehald
  • Serviceavtale
  • Dokumentere kompetanse for servicepersonell 
  • Beskriving av prøvetaking 

8. Informere, koordinere (SØK)

  • Kopi av tillatingar til huseigar og alle føretak
  • Detaljerte beskrivingar til utførande føretak
  • Koordinere gjennomføringa

9. Utføring (UTF)

  • Utføre i samsvar med løyve og prosjekteringsgrunnlag 
  • Innfri vilkår for utføringa gjeve i utsleppsløyvet
  • Sende samsvarserklæring til SØK
  • Sende kvittering for motteke FDV for anleggskomponentar som evt. er valde av UTF
  • Følgje opp at du får kopi av ferdigattest frå SØK

10. Avslutte (SØK)

  • Ferdigattest
  • Innmålingar og kart
  • Gjennomføringsplan (samsvarserklæringar)
  • Ivareta evt. vilkår i tillatingane 
  • Kvittering for motteke FDV