Kva er avlaupsvatn?

Avlaupsvatn er vatn som har vorte brukt inne i huset eller hytta til toalett (svartvatn), bad, vaskerom eller kjøkken (gråvatn). 

Avlaupsvatnet inneheld fosfor og nitrogen (næringssalt), organisk materiale, partiklar og sjukdomsframkallande bakteriar og virus. 

Kva er så eit avlaupsreinseanlegg?

Eit avlaupsreinseanlegg reinsa avlaupsvatnet ved hjelp av ulike prosessar (fysiske, kjemiske og/eller biologiske), og etter reinseanlegget er mesteparten av uønskt innhald i avlaupsvatnet reinsa, men det vil framleis vere skadelege stoff att. Det er dette restutsleppet det må søkjast løyve om, å få lov til å sleppe ut. 

Kvifor reinse avlaupsvatnet?

Mange vatn og vassdrag er forureina av næringssalt (fosfor og nitrogen), organisk materiale, partiklar, virus, bakteriar og parasittar. Desse stoffa kjem frå jordbruk, avlaup og industri/næring. Når for store mengder organisk materiale og næringssalt vert tilført ein bekk, elv eller innsjø fører det til unormal algevekst og dårlege leveforhald for botndyr og fisk. Vatnet vert og dåleg eigna for friluftsliv, og som drikkevatn. 

Er det fritt fram å byggje anlegg og sleppe ut avlaupsvatn?

Nei, det er ikkje fritt fram å byggje anlegg og sleppe ut avlaupsvatn. Det er forbode å forureine, så utslepp av avlaupsvatn frå hus, hytter og andre bygningar er difor noko ein må søkje om. Kravet gjeld for arbeid på eksisrande avlaupsanlegg, og for nye avlaupsanlegg. Kravet gjeld uansett, og du må søkje om løyve til å forureine (utsleppsløyve) og løyve til å få lov til å utføre byggearbeid på avlaupsanlegget (byggeløyve).  

Naudsynte løyver som må på plass

Utslepp av avlaupsvatn krev altså to løyver: utsleppsløyve og byggeløyve.

Når det gjeld utsleppsløyve, må du då søkje kommunen om unntak frå hovudregelen «det er forbode å forureine» om du skal:

  • Etablere eit nytt avlausanlegg
  • Det vert auka tal personar som brukar eit eksisterande avlaup
  • Byte ut anlegget eller gjere andre fysiske endringar på eit eksisterande anlegg
  • Knyte fleire bygg til eksisterande anlegg, utan at dette medfører auka utslepp

Ulike typar reinseløysingar

I Noreg har me eit avgrensa tal anleggstypar, men dei reinseløysingane som finnast er ulike: 

  • Naturbaserte reinseanlegg
  • Reinsing i kjemiske eller biologiske reinseanlegg (t.d. minireinseanlegg) 
  • Tett tank 

Det er vanleg med ein kombinasjon av desse reinseløysingane, og det er kommunen sitt krav til reinsing og stadlege forutsetningar som er bestemmande for kva avlaupsløysing ein kan velje. Du kan lese om dei ulike reinseløysingane og finne nyttige tips for val av reinseløysing på www.avlop.no

Kan eg velje den reinseløysinga eg sjølv vil?

Som huseigar må du følgje reglane som staten (forureiningslova og forureiningsforskrifta) og kommunen (arealplanar, lokale forskrifter og retningslinjer for sakshandsaming) har bestemt. Dei statlege krava er overordna, og set krav til kor mykje forureining som kan sleppast ut, krav til lukt, krav til kompetanse m.m. Dei lokale føresegnene er laga for å ivareta viktige, lokale utfordringar. Dette kan t.d.. vere dårleg vasskvalitet, naturmangfald og kulturminne. Kva reglar som gjeld vil påverke dine valmoglegheiter.

Er alle råd gode råd?

Det kan komme informasjon om ulike reinseløysingar direkte frå ein leverandør. Det er viktig å vere merksam på at leverandøren ønskjer å selje sitt produkt, og det er ikkje sikkert dette produktet er den mest eigna løysinga for deg som huseigar eller for lokaliteten anlegget skal plasserast på. Det vert anbefalt å snakke med fleire føretak for å få eit samanlikningsgrunnlag. 

Kommunen har plikt til å rettleie deg som det regelverket som gjeld, men kan ikkje hjelpa deg med val av reinseløysing. 

Kva påverka valet av dei ulike reinseløysingane?

Det er ikkje noko fasitsvar på kva eit avlaupsanlegg består av. Det vil variere frå sak til sak. 

Det er føresegnene i forureiningsforskrifta, og lokale krav som avgjer plassering , storleik og utforming på den valde reinseløysinga. 

Det er difor lurt å bruke tid på dei valmoglegheitene som føretaka seier kan passe hjå deg. Sjølv om eit anlegg er billig å kjøpe, kan det bli dyrt å drifte, og drift av anlegget er naudsynt så lenge anlegget er i bruk. 

Kva er eit utsleppsløyve, og kva betyr det for deg som huseigar?

Eit utsleppsløyve er eit løyve til å gjere noko som eigentleg er forbode. Det vert gjeve eit løyve til å forureine. Utsleppsløyve vil difor sei noko om kva reinsekrav som vert kravd av utsleppet og kva vilkår som gjeld. 

Eit utsleppsløyve fortel kva som er gjeve løyve til og kva vilkår som vert stilla for at løyvet er gyldig. Ver merksam på at det kan stå andre ting i utsleppsløyvet enn det du søkte om, slik at det er viktig at du les heile tillatinga og forstår det som står der. 

Kva informasjon må du sørgje for å få når anlegget er på plass?

Når avlaupsanlegget er levert, montert og sett i gang, bør du som huseigar sørgje for å få naudsynt dokumentasjon og opplæring i drift og bruk av anlegget. 

Som ein del av avslutninga av byggesaka, skal du få dokumentasjon om forvaltning, drift og vedlikehald (FDV-dokumentasjon). Dette får du frå føretaket som har hjelpa deg med søknaden. 

Du skal få ein drifts- og vedlikehaldsmanual som gjer at du kan sette deg inn i korleis anlegget fungera samla, beskriving av alarmar og behov for drift- og vedlikehald. 

Manualen bør minimum innehalde: 

  • Skildring av produktet (t.d. volum, materiale på tank, røyrmateriale)
  • Skildring av reinseprosessen (jord/filter eller type prosess)
  • Skildring av vedlikehaldsprogram
  • Intervall for slamtømming
  • Skildring av alarmar og varslingsrutinar
  • Spesielle driftsrutinar ein må ta omsyn til
  • Huseigars ansvar og eventuelle oppgåver knytt til drift
  • Moment knytt til HMS
  • CE merking, erklæring på yting 

Ved igangsetting av anlegget må du som huseigar sørgje for å få opplæring i bruk av anlegget og å få informasjon om spesielle forhald. Dette kan t.d. vere informasjon om:

  • Konsekvensar ved feil bruk 
  • Forhald som må takast omsyn til ved endra bruk
  • Innstillingar i anlegget ved lengre periodar utan at reinseanlegget mottek avlaupsvatn