Rehabilitere eller etablere nytt avlaupsanlegg – korleis gå fram?

Rehabilitering av eksisterande avlaupsanlegg er søknadspliktig om vilkår i gjeldande utsleppsløyve vert brote. Nye utslepp, endring av avlaupsanlegg eller anlegg med vesentleg auke (+25 %) lyt søkja om nytt utsleppsløyve. 

Nytt avlaupsanlegg er søknadspliktig, og før nytt utslepp vert etablert må det søkjast om utsleppsløyve og byggjeløyve hjå kommunen. Når begge søknadane er godkjende kan installering av avlaupsløysinga gjennomførast. Merk at det kan vere kostnadssparande å inngå samarbeid med andre om felles reinseløysing. 

Alle avlaupsanlegg krev fagkyndig kompetanse

Det er viktig at alt arbeid med avlaupsanlegg vert prosjektert og utført i samsvar med kompetansekrava i både plan- og bygningslova og forureiningslova. Ingen anlegg kan etablerast utan bruk av fagkyndige føretak og beste tilgjengelege kunnskap. Dette gjeld for tette tankar, grøft for urinseparering, minireinseanlegg, infiltrasjonsanlegg og andre anleggstypar. 

Bruk av fagkyndig

Det vert stilla krav til bruk av fagkyndige føretak for å endra, rehabilitera eller bygge nye avlaupsanlegg. Det første du må gjera er difor å ta kontakt med ein nøytral fagkyndig person, som kan hjelpa deg til å vurdera kva reinseløysing som er aktuell for deg. Det finnes ikkje noko «godkjenningsliste» eller oversikt over kven som er fagkyndige. Det er viktig at du undersøkjer om føretaket har kompetanse og be dei syne til dokumentasjon for å kunne ta på seg ein slik jobb. 

For at eit føretak skal kunne ta på seg ansvarsrett etter plan- og bygningslova, må det oppfylle visse kvalifikasjonskrav. Kvalifikasjonskrava avheng av kompleksiteten og kor vanskeleg graden på arbeidet er, og konsekvensen som kan oppstå av feil og manglar. Det er føretaket sjølv som avgjer denne vurderinga