Det er ikkje tillate å ha direkte utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustadhus, hytter, turistverksemder og liknande verksemd. Det er heller ikkje tillate å ha utslepp av gråvatn så lenge det ikkje føreligg eit utsleppsløyve for eigedomen.

Ved oppfølging av denne myndigheita plikta kommunen å:

  • Handsame søknadar om utsleppsløyve
  • Sørgje for tømming av avlaupsanlegga
  • Føre tilsyn med avlaupsanlegga, og kontrollera at krava i utsleppsløyve vert helde. 

Sogndal kommune har vedteke ei gebyrforskrift og ein tilsynsplan for desse avlaupsanlegga. Hensikta er å hindra og stansa forureining frå anlegg som er øydelagde, manglar utsleppsløyve og/eller ikkje innfri dagens krav til standard. Med «dagens krav til standard» meina ein krav til utsleppa som vert stilla i forureiningsforskrifta kap. 12. 

Relevante lenkjer

Forskrift om utslepp av sanitært avlaupsvatn frå mindre avlaupsanlegg (bustadhus, hytter og liknande), Sogndal kommune: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2020-06-18-3293?q=vassforskrifta

Forskrift om begrensing av forurensning (forurensningsloven): https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-06-01-931/KAPITTEL_4#KAPITTEL_4

Rettleiing frå Miljødirektoratet til forureiningslova kap. 12: https://www.miljodirektoratet.no/regelverk/forskrifter/forurensningsforskriften/sanitart-avlopsvann-kommentarer/