Kva er ein nøytral fagkyndig?

Ein nøytral fagkyndig er eit nøytralt uavhengig firma med tilstrekkeleg hydrogeologisk og avlaupsteknisk fagkompetanse. Det er opp til den enkelte kommune å vurdera om eit føretak kan reknast som nøytral fagkyndig.

Fagkyndige skal etablere reinseløysinga som er best eigna ut frå dei naturgjevne forutsetningane, miljø, brukaren sine interesser og økonomi, uavhengig av type reinseløysing eller produsent. 

Kven kan bidra til å utbetre/etablera private avlaupsanlegg, og søkje om utsleppsløysing?

Om du ønskjer å bli ein nøytral fagkyndig og kunne utføra førespurnadar til å utbetra/etablera private avlaupsanlegg og søkje om utsleppsløysing, må du minimum syne til dokumentasjonskrav for tilstrekkeleg avlaupsteknisk fagkompetanse som:

  • Teoretisk og praktisk kurs om mindre avlaupsanlegg. Kurset må omhandle prosjektering av fleire relevante anleggstypar
  • Må kunne stå ansvarleg for prosjektet i samband med søknad om løyve til tiltak (byggesøknad)

Den som skal prosjektere må sende stadfesting på tilstrekkeleg kompetanse, og bør i tillegg syne til praktisk erfaring med grunnundersøkingar og relevante referanseprosjekt. 

Dokumentasjonen leggjast ved i søknad om utsleppsløyve.