Administrasjonsutvalet er kommunen sitt hovudutval i personal- og organisasjonssaker. Arbeidsområdet er dei oppgåvene som har tilknyting til kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon.
Administrasjonsutvalet har som generell oppgåve å sjå til at Sogndal kommune er administrativt organisert på ein slik måte at kommunen er i stand til å yta god service og gode tenester. Utvalet skal òg avgjera tvistespørsmål om tolking og praktisering av avtalar og regelverk, som vedkjem arbeidstakarane sine tilsettings- og arbeidsvilkår og praktiseringa av hovudavtalen og hovudtariffavtalen.
Administrasjonsutvalet er kommunen sitt likestillingsutval og skal arbeida for at likestilling og inkludering blir ivareteke og innarbeidd på alle kommunale område.
I administrasjonsutvalet sit ordførar, varaordførar og ein formannskapsmedlem (leiar av opposisjonen), vald av kommunestyret.
I tillegg kjem to representantar frå dei tilsette utpeikte etter høvetalsprinsippet i hovudavtalen. Ordførar leiar utvalet.
Namn |
Parti | Rolle | Representant for | Telefon | Epost |
---|---|---|---|---|---|
Arnstein Menes | SP | Leiar | Arbeidsgjevar | 41672733 | arnstein.menes@sogndal.kommune.no |
Vibeke Johnsen | SV | Nestleiar | Arbeidsgjevar | 95899022 | Vibeke.j@online.no |
Frode Bøthun | KrF | Medlem | Arbeidsgjevar | 97101796 | frode.bothun@gmail.com |
Siv Laila Eriksen | Medlem | Arbeidstakar | 90765086 | siv.laila.eriksen@sogndal.kommune.no | |
Steinar Øydvin | Medlem | Arbeidstakar | 97170381 | steinar.oydvin@sogndal.kommune.no |