Frisklivssentralen gjennomfører individuelle helsesamtalar for å hjelpe deg til å finne motivasjon til dei små endringane i kvardagen.
Me gjennomfører kartleggingssamtalar, kor du skal utarbeide mål og ein plan for fysisk aktivitet. Ynskjer du å lære meir om fysisk aktivitet kan du delta på temaprat. Ta kontakt om du er interessert.
Timeplan
Me er opptekne av at nivået på treninga skal vere tilpassa din form og samtidig vere utfordrande nok til å gi god effekt. Trening føregår i grupper, både utandørs, innandørs og i basseng. Det går også an å få oppfølging i eigentrening.
Trykk her for å sjå timeplan for vårsemesteret 2023 i større format
Trykk her for større bilete av timebeskriving og prisar 2023
Samarbeidspartnar
Me ynskjer tilby eit variert og godt aktivitetstilbod for våre deltakarar. Slik at alle kan finne eit tilbod dei trivst med. Om du driv eit aktivitetstilbod i Luster eller Sogndal kommune og ynskjer eit samarbeid med oss, vil me gjerne komme i dialog med deg! Ta kontakt.