Frisklivssentralen Sogn
Kva er ein Frisklivssentral?
Viktig melding
Alle gruppeaktivitetar* i regi av Frisklivssentralen startar opp igjen frå 18. august. Gler oss til å sjå både nye og kjende igjen.
* Utetrening med Oddbjørn startar torsdag 4. september.Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune.
Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing, kurs og gruppebaserte tilbod. Me arbeidar med livsstilsendringar innan kosthald, psykisk helse, søvn, snus- og røykeslutt og fysisk aktivitet.