Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjonen og skulehelsetenesta er ein del av kommunen sitt førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og ungdom, og omfattar mellom anna:

  • Jordmor og svangerskapskontroll
  • Helsestasjon 0-5 år
  • Skulehelseteneste 
  • Smittevern
  • Utanlandsvaksinering
  • Helsestasjon for ungdom (HFU)
  • Helsestasjon for unge vaksne (HUV)
  • Minoritetshelse

Helsestasjon for ungdom - HFU - er eit gratis tilbod til ungdom under 20 år som bur i Sogndal.
Helsestasjon for unge vaksne og er eit gratis tilbod til unge vaksne i aldersgruppa 20-25 år som bur i Sogndal.

Helsestasjonar i Sogndal: 

  • Balestrand helsestasjon 
  • Leikanger helsestasjon 
  • Sogndal helsestasjon 

Koronavaksinering

Personar som er prioriterte til å få vaksina, vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakta kommunen eller fastlege for å setta seg på venteliste.

Folkehelseinsituttet har laga ein vaksinekalender som syner når det er venta at ulike grupper vil kunne bli vaksinerte mot korona. Denne kalenderen finn du her på nettsidene til Folkehelseinstituttet. (Kalenderen er førebels og vil bli endra jamnleg.)

Utanlandsvaksinering

Me har tilbod om vaksinering til deg som skal reise utanlands.

Ta kontakt med helsestasjon for timebestilling.