Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.

Koordinator kan ein ha rett på dersom ein treng koordinerte tenester over lang tid.

Individuell plan er eit reiskap til samarbeid mellom brukar og tenestene og bidreg til at alle jobbar etter dei same måla.

Koordinerande eining er knytt til tildelingskontoret i Sogndal kommune.