Kulturprisen 2025 - nominer din favoritt
Kvart år deler Sogndal kommune ut ein kulturpris til nokon som har gjort ein stor innsats for det fr...
Les mer
Du kan få hjelp hjå kommunen dersom du har behov for omsorgstenester i heimen. Desse tenestene kan vere stell, tilsyn og praktisk hjelp, men også hjelp til daglege gjeremål. Tenesta skal legge til rette for at tenestemottakar skal kunne bu heime så lenge som mogeleg.
Heimetenesta omfattar mellom anna heimehjelp, heimesjukepleie, matombringing, omsorgsstønad og tryggleiksalarm. I Sogndal er den heimebaserte pleie- og omsorgstenesta delt i tre soner etter geografi og tal innbyggjarar.