Kva er ergoterapi?

Ergoterapeutar arbeider med alle aldersgrupper for å fremje helse, førebygge sjukdom og bidra til at menneske får moglegheit til å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Ergoterapeutar bidreg til å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom ditt funksjonsnivå og dagleglivet sine krav eller ønskja aktivitet. Kjernen i ergoterapi er kvardagslege aktivitetar i skule, arbeid, fritid og eigenomsorg.  

Kven kan få tilbodet?

Menneske i alle aldersgrupper, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar har vanskar med å meistre eigen kvardag. 

Korleis få tilbodet?

Ved å ta kontakt med tenesta på telefon, eller ved å henvende seg direkte på besøksstad. Me tek også i mot tilmeldingar frå fastlege, sjukehus og andre aktuelle tenester. E-post kan også nyttast for å få kontakt, men ver merksam på at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post. 

Kva tenestetilbod har me?

For å nå mål om deltaking og inkludering i kvardagslivet bistår ergoterapeut deg i å trene på aktivitetar, tilrettelegge aktivitet og/ eller gjere endringar i omgjevnadane dine.  

Ergoterapeutane bistår med:  

  • Hjelpemiddelformidling; bistå brukar å søkje på og tilpasse hjelpemiddel til sitt behov innan rørsle, kognisjon, kommunikasjon, syn og høyrsel (gjeld ikkje høyreapparat) 
  • Rehabilitering og anna oppfølging av heimebuande og bebuarar på institusjon  
  • Habilitering; innsats retta mot barn, unge og vaksne med medfødte eller tidleg erverva funksjonsnedsetting 
  • Førebyggande heimebesøk, bl.a. med mål om å førebygge fall/ hindre redusert funksjon i daglege aktivitetar Kvardagsrehabilitering; innsats/trening i brukar sin heim og/eller nærområde   
  • Trening og oppfølging av handskade/-plager 
  • Deltaking i ansvarsgrupper, tverrfagleg arbeid med andre tenester og koordinerande eining  
  • Bustadrådgjeving 
  • Uttale i bil- og bustadtilpassingsaker der det er behov for funksjonsvurdering 

Hjelpemiddel

Du må ha varig (over to år) og vesentleg redusert funksjonsevne for å kunne søkje om hjelpemiddel. Ergoterapeut vurderer behovet ditt, og bistår deg med å søkje naudsynte hjelpemiddel. Les meir på Nav sine nettsider

Sogndal kommune har i tillegg hjelpemiddel på kommunale lager til korttidsutlån i situasjonar der du har ei kortvarig funksjonsnedsetjing, t.d. etter operasjon eller skade. Dette kan vere rullator, rullestol eller hygienehjelpemiddel. Kontakt ergoterapeut nærast der du bur ved spørsmål og behov for lån. 

Kontaktinformasjon 

Ergoterapeutane har kontor på tre ulike stader i kommunen: Balestrand helsetun, Leikanger sjukeheim og Sogndal helse- og omsorgssenter. Sjå liste over alle ergoterapeutane under. Dersom du treng oppfølging, ta kontakt med den ergoterapeuten som er nærast der du bur. 

Besøksadresser: 

  • Ergoterapi Balestrand: Balestrand helsetun, Hittunsvegen 6, Balestrand 
  • Ergoterapi Leikanger: Leikanger sjukeheim, Ohnstadhaugen 15, Leikanger  
  • Ergoterapi Sogndal: Sogndal helse- og omsorgssenter, Plassen 2, Sogndal 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, ingen krav om eigenbetaling. Hjelpemiddel formidla gjennom Nav hjelpemiddelsentral vert levert ut på varig utlån, og krev heller ikkje eigenbetaling. Gjeld ikkje aktivitetshjelpemiddel for brukarar over 26 år. 

Ventetid

Ergoterapeutane arbeider etter ein prioriteringsnøkkel. Eventuell ventetid på igangsetting av tiltak kan variere grunna kapasitet og prioriteringar. Ved ferieavvikling og sjukefråvær vil det vere mindre kapasitet og lenger ventetid. 

Kan du klage på tilbodet?

Du kan klage på alle helse- og omsorgstenester. Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misfornøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misfornøgd med og kva endringar du ynskjer. Ta kontakt med innbyggjartorget om du treng hjelp til å klage.