Psykisk helseteam

Psykisk helseteam er eit gratis lågterskeltilbod for alle over 18 år. Du kan sjølv kontakta teamet direkte, eller få hjelp av legen din med å formidla kontakt.  

Dersom du kjenner deg deprimert, har angstplagar, har opplevd noko traumatisk, har utfordringar knytt til avhengigheit eller har andre utfordringar innan psykisk helse, kan du få hjelp gjennom psykisk helseteam i kommunen.

Du kan få

  • tilbod om samtale
  • råd og rettleiing for å skapa orden og struktur i kvardagen  
  • tverrfagleg samarbeid med fastlege, spesialisthelsetenesta, frisklivssentralen, NAV og andre hjelpeinstansar 

Dersom du er pårørande til nokon med desse utfordringane, kan du også ta kontakt med psykisk helseteam.

Korleis jobbar me?   

Etter at du eller ein hjelpeinstans har teke kontakt med psykisk helseteam, vil du fa ein kontaktperson i teamet. Kontaktperson vil så ta kontakt med deg for å avtala 1-3 kartleggingssamtalar. Målet med desse samtalane er å avklara kva du ynskjer oppfølging til, om psykisk helseteam kan hjelpa deg med dette og korleis du og kontaktpersonen saman skal jobba med problemstillingane.

Me som jobbar i tenesta, har ulik fagbakgrunn med erfaring og vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Teamet har erfaring og kunnskap om ulike tilnærmingar og metodar.

Dersom det er akutt behov for hjelp, ta kontakt med legevakt 116 117 eller politi 112.  

Mental helse hjelpetelefon: 116 123.

Rustenesta

Rustenesta er ein del av psykisk helseteam.

Rustenesta er eit gratis tilbod til alle over 18 år, som har utfordringar knytt til bruk av rusmidlar. Du kan sjølv ta kontakt med teamet, eller få hjelp av lege til å formidla kontakt. Rustenesta kan blant anna:

  • hjelpa deg å kartlegga rusproblemet
  • gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
  • gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentlege tenester, som fastlege, NAV, spesialisthelseteneste og andre

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.

Rask psykisk helsehjelp

Sogndal kommune er i gang med å etablera eit eige team innan rask psykisk helsehjelp. Målet er å starta rask psykisk helsehjelp i løpet av 2022.

For meir informasjon, sjå: Rask psykisk helsehjelp - NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.

Helse- og omsorgstenester i heimen for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus

Dersom du har utfordringar innan psykisk helse og/eller rus, og treng meir langvarig oppfølging eller oppfølging i heimen, kan du søkja om dette.

Du fyller då ut skjemaet «pleie- og omsorgstenester - søknad om». For spørsmål kring søknad eller saksgang, kontakt vedtakskontoret.

Aktivitetstilbod

Me held på å etablera eit aktivitetstilbod for brukargruppe innan psykisk helse og rus. Frå januar 2022 er me starta med:

Sogndal:

  • Turdag kvar tysdag kl 10. Dette er korte turar i nærområdet, på ca 1 time i roleg til middels gange. NB: påmelding på SMS innan kl 09 same dag.
  • Lunsj kvar torsdag kl 12 i Fjørevegen 17. Pris kr 20. NB: påmelding innan kl 09 same dag.

Leikanger:

  • Lunsj i Lundheim kvar måndag, frå om med 14.2. kl 12-14. Pris kl 20.

Balestrand:

  • Me har som mål om å starta med lunsj og aktivitet i Balestrand i løpet av våren 2022.

For meir info og påmelding, ta kontakt med David Postelt, tlf: 47 64 78 21

Sjekk òg ut Frisklivssentralen sitt tilbod og timeplan: Frisklivssentralen Sogn - SOGNDAL KOMMUNE

Jobbspesialist/IPS (individuell jobbstøtte)

IPS er et tilbod til personar med moderate til alvorlege psykiske helseproblem, og/eller rusproblem, som ynskjer hjelp til å komma i arbeid eller halda fram i ordinært, lønna arbeid. Jobbspesialistane jobbar tett saman med kontaktperson eller primærkontakt i psykisk helse- og rusteneste.

For meir informasjon, sjekk ut: Individuell jobbstøtte (IPS) - NAPHA Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløp psykisk helse og rus skal gje pasient og pårørande eit informert, heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødvendig ventetid. Pasienten skal få større innverknad på behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpet skal tilpassast kvar einskild sin situasjon, ynskjer og behov, samt innehalda kontaktpunkt og oppfølging i kommunen. Samstundes skal forløpet ivareta somatisk helse og levevanar.

For meir informasjon om dei ulike pakkeforløpa for psykisk helse og rus, sjå helsenorge.no  

Forløpskoordinator Kristine Mardal Tlf: 57 65 28 14  Mob: 46 94 00 78