Frisklivssentralen gjennomfører individuelle helsesamtalar for å hjelpe deg til å finne motivasjon til dei små endringane i kvardagen. 

Me gjennomfører kartleggingssamtalar, kor du skal utarbeide mål og ein plan for fysisk aktivitet. Ta kontakt om du er interessert.

Teningstilbod

Me er opptekne av at nivået på treninga skal vere tilpassa din form og samtidig vere utfordrande nok til å gi god effekt. Trening føregår i grupper, både utandørs, innandørs og i basseng. Det går også an å få oppfølging i eigentrening.

Info om treningstilbod

Bassengtrening: Variert program i vatn der du skånsamt får trena kondisjon og styrke. Treninga er open for alle.

  • Sogndal: Måndag kl.16-17 i Sogndal Symjehall. 
  • Luster: Onsdag og fredag kl.13.30-14.30 i Lustrabadet.

SmartStart: Treningstime med fokus på styrke, kondisjon og balanse, som avsluttast med avspenning. Treninga er for alle og kan tilpassast av den enkelte. SmartStart er i samarbeid med studentar ved HVL og er ein del av deira læringsaktivitet. Instruktør frå Frisklivssentralen er ansvarlig for innhaldet i timen. 

  • Campushallen eller "Nye-hallen" i Sogndal kl.09.45-10.45
    • Nye-hallen: 10/1, 7/2, 15/5, 5/6
    • Campushallen: 17/1, 24/1, 14/2, 28/2, 6/3, 13/3, 20/3, 3/4, 10/4, 17/4, 24/4, 8/5, 22/5
    • Storehallen (kunstgress): 31. januar og 29. mai

Utetrening: Bli med på kondisjon- og styrketrening utandørs! Treninga kan tilpassast alle nivå. Open for alle, gratis. 

  • Tysdag kl.10.00. Oppmøte utanfor hovudinngangen ved Sogndal Helse - og omsorgssenter. 

Prisar: 

Bassengtrening Lustrabadet: Sjå prisar for inngang på heimesida til Lustrabadet.

Bassengtrening Sogndal symjehall: Drop-in: 50 kr, semesterkort: 850 kr (januar-juni og august-desember).

SmartStart: 850 kr per semester (januar-juni og august-desember).

Utetrening: Gratis.

VIPPS - 129797 Frisklivssentralen

*Klyppekort: eigenandel på 50kr/gongen på enkelte treningstilbod.

Samarbeidspartnar

Me ynskjer tilby eit variert og godt aktivitetstilbod for våre deltakarar. Slik at alle kan finne eit tilbod dei trivst med. Om du driv eit aktivitetstilbod i Luster eller Sogndal kommune, og ynskjer eit samarbeid med oss, vil me gjerne komme i dialog med deg! Ta kontakt.