Med heimel i kommunelova § 5-11, første ledd, får arbeidsgjevarutvalet avgjerdsmynde i alle saker innanfor sitt område som ikkje skal avgjerast av kommunestyret eller formannskapet, eller som er delegerte til kommunedirektøren å avgjere.

Arbeidsgjevarrepresentantane i arbeidsgjevarutvalet er ordførar, varaordførar og eit formannskapsmedlem (leiar av opposisjonen eller ein representant frå anna parti enn ordføraren sitt parti) vald av kommunestyret. Ordførar leiar utvalet. Varamedlemmar er varamedlemmane valde som arbeidsgjevarrepresentantar i administrasjonsutvalet.

Det skal gjennomførast minst ein årleg samtale mellom kommunestyret, representert ved arbeidsgjevarutvalet, og kommunedirektøren. Saker er mellom anna måloppnåing og samarbeid. Denne samtalen er ein utviklingssamtale med kommunedirektøren. Arbeidsgjevarutvalet følgjer opp kommunedirektøren og fastset løn og andre vilkår. Utvalet set mål for forbetringspunkt, og gjennomfører utviklingssamtale.

Reglement og andre dokument