Balestrand aktivitetssenter gir dag- og aktivitetstilbod til menneske som har behov for bistand i kvardagen. Me held til i Balestrand industriområde og tilbyr arbeidsretta aktivitet, opplæring og oppfølging i eit trygt og inkluderande miljø.

Målet vårt er å bidra til ein meiningsfull kvardag der kvar enkelt får bruke ressursane sine, oppleva meistring og vere ein del av eit fellesskap.