Treningsgruppe Sterk og stødig
Treningsgruppe Sterk og stødig

Bli med på trening!

Har du lyst til å bli sterkare i beina og betre balansen?

Sterk og stødig er gruppetrening for seniorar, med hovudfokus på styrke i bein og balanse. Tilbodet er for heimebuande eldre som klarer seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen, men som kan erfare ustøheit i enkelte situasjonar eller endringar i funksjon. Etter trening er det tid til ein kopp kaffe og prat. Det er ei treningsavgift på 200kr for semesteret for deltakarane. Ein må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs og komme seg til trening sjølv. Treninga er leia av godkjend Sterk og stødig-instruktør. 

Bli med på treningsgruppe

I dag har me fem Sterk og stødig-treningsgrupper i Sogndal kommune og to i Luster kommune. Det vil bli starta nye grupper etter kvart, der det er interesse og behov. Ta kontakt om du har lyst til å bli med på trening eller om du ynskjer å få i gang ei treningsgruppe i ditt nærmiljø. 

Balestrand

  • Tysdag formiddag i Vetlefjorden Grendahus

Leikanger

  • Tysdag kl.10.30-11.30, på Torget på Leikanger sjukeheim
  • Torsdag kl. 10.30-11.30 i Leikangerhallen på Saften

Sogndal

  • Måndag kl.10.30-11.30, på Sogndal Helse- og omsorgssenter, 2. etasje (full)
  • Onsdag kl. 11.00-12.00 på Sogndal Helse- og omsorgssenter, 2. etasje 
  • Torsdag kl.10.15-11.15, på Sogndal Helse- og omsorgssenter, 2. etasje (full)

Kaupanger

  • Onsdag kl.13.00-14.00, på Kaupanger bedehus

Solvorn

  • Torsdag kl.11.15-12.15, i gymsalen på skulen

Hafslo

  • Måndagar kl.10.30-11.30, på Hafslo omsorgssenter

Jostedalen 

  • Torsdag kl.11.00-12.00, i Jostedal Samfunnshus

Skjolden 

  • Tysdag kl.11.00-12.00, i Fjordstova

Bli med som instruktør

Har du lyst til å bidra som frivillig?

Me søker etter positive og engasjerte personar som ønskjer å bidra gjennom å vere frivillig instruktørar til treningsgrupper for seniorar.

Treningsgruppene møtast ein gong per uke på dagtid, og instruktørane vil ha ansvar for ei gruppe kvar. Ein deler på ansvaret for gruppa saman med minst ein annan frivillig, slik at ein kan rullere på å ha timen om ein ynskjer. Potensielle instruktørar vil få opplæring i form av eit kurs over tre dagar. Som instruktør vil ein bli følgt opp av Sterk og stødig-rettleiar i kommunen, og ein blir del av fellesskapet av frivillige instruktørar. Treningsgruppene er eit ledd i satsinga på fallførebyggande arbeid blant heimebuande eldre i Sogndal kommune. Er det aktuelt for deg eller kjenner du nokon som kan passe til denne oppgåva? Ved interesse eller spørsmål kan du ta kontakt med oss i Frisklivssentralen via telefon eller e-post.

Kurs
Ta kontakt med oss for info og påmelding til neste kurs: 95893641 / frisklivssentralen@sogndal.kommune.no