Tilbod: 

Frisklivssentralen Sogn arrangerar kurs i Hverdagsglede og kurs i depresjonsmeistring (KiD-kurs). Me kan også hjelpe deg vidare om du ynskjer "Rask psykisk helsehjelp" eller og du vil kome i kontakt med psykisk helseteam.

Kurstilbod:

Kurs i Hverdagsglede

  • Kurset er basert på forsking som syner at kva vi gjer er av stor viktigheit for korleis me trivst i kvardagen.
  • Det finst fem viktige grep alle kan gjere for å fremje eigen psykisk helse, livskvalitet og førebygge psykisk sjukdom. 
  • Gjennom kurset får ein råd, inspirasjon og hjelp til å øve på teknikkar som styrker dei fem grepa, og som vil gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. 
  • Kurset går over seks kursdagar, og kvar vekentlege økt varar i 2-2,5 t. Kurset vert gjennomført digitalt på Teams. 
  • Etter kvar økt får du ei øvingsoppgåve til neste gong. 

Neste kurs startar 4.mai kl.12.30. Ta kontakt for meir informasjon og påmelding. 

Sjå denne fine videoen om dei fem grepa, og få ein smakebit på kva du vil lære meir om på kurset: https://www.youtube.com/watch?v=_l51ozqfBT8&t=1s&ab_channel=R%C3%A5detforpsykiskhelse

 

Kurs i depresjonsmeistring

Målet med kurset:  

  • Redusere varigheita av depresjonen
  • Redusere intensitet av symptoma og vinne tilbake funksjon 
  • Førebygge nye episodar med depresjon 
  • Handtere nedturar og bryte negativt tankemønster 

Ynskjer du å ta tak i desse symptoma for å få ein betre kvardag, samt å møte andre i same situasjon? Då kan kurs i depresjonsmestring (KiD) vere noko for deg. 

Ta kontakt for meir informasjon, eller sjå meir om kurs i mestring av depresjon (KiD) på desse sidene: 

 

Rask psykisk helsehjelp 

  • Slit du med vanskelege og triste tankar? 
  • Er du trøtt og sliten? 
  • Har du mista livsgnisten?  
  • Opplever du at angst og indre uro avgrensar deg?  
  • Fungera du ikkje i dagleglivet på grunn av belastningar eller stress over lang tid?  
  • Har du problem med å sovne, vaknar lett eller veldig tidleg? 

Hjå "Rask psykisk helsehjelp" kan du få hjelp, utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg. Me på Frisklivssentralen Sogn samarbeidar med psykisk helseteam i Sogndal og Luster kommune og kan hjelpe deg å komme i kontakt, eller du kan ta kontakt sjølv.

Meir informasjon om rask psykisk helsehjelp - Luster kommune si nettside