Tilbodet er gratis, frivillig og ein treng ikkje tilvising. Alle tilsette har teieplikt. Tenesta kan kontaktast på telefon, via kontaktskjema (krev innlogging med bank-ID/minID), eller via andre tilsette som barn allereie er i kontakt med.
Støttetilbod
- Samtalar/behandling av barn og ungdom som slit med bekymringar, sinne, uro, tristheit, vonde tankar og liknende. Samtalane kan gjennomførast åleine med barnet/ungdommen eller saman med foreldre/familie.
- Samtaler og rettleiing til foreldre om foreldrerolla og utfordringane som barnet/ungdommen strevar med
- Samarbeid, konsultasjonar og opplæring til andre tilsette om saker eller tema rundt psykisk helse
- Hjelp til å finne fram til andre hjelpe-instansar ved behov
- Ulike gruppetilbod for barn, ungdom og foreldre (tilboda vi bli iverksett ved behov)
- Nytt tilbod innan foreldrerettleiing, som startar fom januar 2026:
Er du forelder til ungdom mellom 12-18 år?
Ungdomstida er ei brytningstid. Vaksne si oppgåve er å vere tilstade når den unge treng det: som ei trygg og omsorgsfull hamn, som samtalepartnar, ein som set grenser, og som den unge kan bryne haldningar og meiningar mot. Ungdomstida gir oftast mange gleder, men den kan også vere utfordrande, både for den unge og for deg som mor eller far. Som foreldre kan vi oppleve å måtte stå i avvising og meiningsbryting. Vi kan bli usikre på korleis vi skal takle ulike situasjonar, vi blir redde for kva ungdommane våre opplever, og vi blir slitne av å halde ut når det er konfliktar. Då kan det vere godt å dele erfaringar med andre tenåringsforeldre!
International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremmande og førebyggande foreldrerettleiingsprogram som har som mål å styrke omsorga og oppveksten for barn og unge. ICDP-kurset består av 2 timar over 8 kveldar, og tek opp tema som er aktuelle for ungdomsforeldre med ungdom i alderen 12-18 år. Døme på tema er skjermbruk, sosiale media, fysisk og psykisk helse og sjølvivaretaking. Gjennom dei 8 møta snakkar vi om overgangen frå barn til ungdom, ungdom og kjensler, og korleis ein kan setje grenser på ein positiv måte.
Kurset føregår i grupper. Ein kan melde seg på via QR-koden, eller ta direkte kontakt med Barne-, ungdoms- og familiestøtte. Når det er minimum 6 påmelde, startar vi ei gruppe.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller påmelding til kurset!


Velkommen til foreldrerettleiing!
Me er ein del av helsestasjonen og samarbeider tett med helsesjukepleiarane. Dersom du som forelder er uroa for ditt barn, anbefaler me at du tek kontakt med helsesjukepleiar på helsestasjon, eller på din skule. Dei har tett dialog med oss, og kan kople oss på ved behov. Helsesjukepleiarane har god kompetanse på psykisk helse, og veit kva som kan vere lurt å gjere dersom noko er vanskeleg. Barn og unge kan sjølv ta direkte kontakt med helsesjukepleiar på sin skule.
Me har også eit tett samarbeid med barnehagar, skular, PPT, jordmortenesta, fysio- og ergoterapi, barnevern, BUP og fastlegar.
Me held til i Dalavegen 2, 1.etasje.
Marius Midtun Aaberge
Marius.midtun.aaberge@sogndal.kommune.no
Telefon: 90137109
Kine Øvstetun
Kine.ovstetun@sogndal.kommune.no
Telefon: 90738006