Treningsgruppe Sterk og stødig
Treningsgruppe Sterk og stødig

Bli med på trening!

Har du lyst til å bli sterkare i beina og betre balansen?

Sterk og stødig er gruppetrening for seniorar, med hovudfokus på styrke i bein og balanse. Tilbodet er for heimebuande eldre som klarer seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen, men som kanskje erfarer ustøheit i enkelte situasjonar eller endringar i funksjon. Etter trening er det tid til ein kopp kaffe og prat for dei som ønskjer. Det er gratis å vere med på trening. Ein må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs og komme seg til trening sjølv. Treninga er leia av godkjend Sterk og stødig-instruktør. 

 

Bli med på treningsgruppe

I dag har me fire Sterk og stødig-treningsgrupper i Sogndal kommune. Det vil bli starta nye grupper etter kvart. Ta kontakt om du har lyst til å bli med på trening eller om du ønskjer å få i gang ei treningsgruppe i ditt nærmiljø. 

Leikanger

Torget på Leikanger sjukeheim.

- Fredagar kl.10-11.

Sogndal

Sogndal Helse- og omsorgssenter

- Måndag kl.09.30-10.30

- Torsdag kl.10.15-11.15

Kaupanger

Kaupanger bedehus

- Onsdag kl.11-12. 

Bli med som instruktør

Har du lyst til å bidra som frivillig?

Me søker etter positive og engasjerte personar som ønskjer å bidra gjennom å vere frivillig instruktørar til treningsgrupper for seniorar.

Målgruppa for treninga er heimebuande eldre med begynnande funksjonssvikt og ustøheit. Treningsgruppene møtast ein gong per uke på dagtid, og instruktørane vil ha ansvar for ei gruppe kvar. Ein deler på ansvaret for gruppa saman med ein annan frivillig. Potensielle instruktørar vil få opplæring i form av eit kurs over tre dagar. Som instruktør vil ein bli følgt opp av fysioterapeut i Sogndal kommune. Treningsgruppene er eit ledd i satsinga på fallførebyggande arbeid blant heimebuande eldre i Sogndal kommune. Er det aktuelt for deg eller kjenner du nokon som kan passe til denne oppgåva? Ved interesse eller spørsmål kan du ta kontakt med oss i Frisklivssentralen via telefon eller e-post.

Planlagte kurs

Sogndal: 25.-26. august kl.09-15. Meir info kjem.

Luster: Hausten 2022, meir info kjem.