Høyrselshjelpemiddel
Har du høyrselsnedsettelse, og har behov for høyrselshjelpemiddel? Ta kontakt med høyrselskontakt/ergoterapeut.
Ergoterapeuten kan hjelpe deg med formidling av høyrselshjelpemiddel. Dette kan til dømes vere ringeklokkeforsterkar, samtaleforsterkere, lyd frå TV, brannalarm og varslingshjelpemiddel. Ergoterapeuten vil kartlegge behovet, hjelpe deg å søke på aktuelle hjelpemidler, samt gi opplæring i bruk av hjelpemidlet. Denne tenesta er gratis.
Vedlikehold av høyreapparatet?
Du som har fått høyreapparat frå høyrselssentralen, har sjølv ansvar for dine høyreapparat.
- Eg har ingen kommunale tenester
Dersom du er heimebuande i Sogndal, Leikanger eller Balestrand utan vedtak på heimesjukepleie, kan du ta kontakt med likeperson i HLF Britt Jorunn Ølnes for å få hjelp. Likeperson tilbyr drop-in timar kvar onsdag på sjukeheimen i Sogndal. Tilkomst ved hovudinngangen på Sogndal helse- og omsorgssenter, første døra til høgre. Tenesta er gratis.
Likeperson: Britt Jorunn Ølnes er tilgengeleg SHOS, onsdagar kl. 10-12.
- Eg har heimetenester
Har du vedtak på kommunale tenester, kan representant frå heimetenesta hjelpe deg med vedlikehold av høyreapparat.
Sogndal: Synne Vikdal Krogh. Ta kontakt på vakttelefon 41628603 for å avtale tid.
Leikanger: Elisabeth Eidsheim. Ta kontakt på vakttelefon 91812767 for å avtale tid.
Balestrand: Ann Karin Sværen. Ta kontakt på vakttelefon 90696354 for å avtale tid.
- Eg bur på sjukeheim
Har du fått vedtak på langtidsplass på sjukeheimen, må du ta kontakt med personale som kan hjelpe deg med vedlikehold av høyreapparat.
Sogndal: Ta kontakt med personale på avdelinga.
Leikanger: Hilde Ness - Ta kontakt med personale på avdelinga.
Balestrand: Ta kontakt med personale på avdelinga.
Synskontakt
Har du synsnedsettelse, og behov for synshjelpemiddel? Ta kontakt med synskontakt. Før du tek kontakt må du ha dokumentasjon frå optiker eller augelege, som ikkje er eldre enn 6 mnd. Synskontakten kan hjelpe deg med å kartlegge behovet for ulike typer synshjelpemidler som du kan ha nytte av. Dette kan til dømes vere lesetv, håndholdte luper, lesemaskin, og filterbriller. Synskontakten hjelper deg å søke på hjelpemiddel, og gir opplæring i bruken av hjelpemidlet. Synskontakten kan også gi deg råd om tilrettelegging i boligen, arbeid/utdanning og fritid. Tenesta er gratis.