Aktivitetstilbodet innan psykisk helse- og rustenester er under utvikling, og vi ønskjer å lage eit tilbod som treff interessene dine – eller hjelpe deg med å finne ein ny aktivitet å prøve. Du kan sjølv vere med og påverke kva aktivitetar som blir arrangerte. Aktivitetane kan til dømes vere alt frå innebandy, fjellturar, klatring, frisbeegolf, styrketrening og gruppetrening.
Faste aktivitetar
Tysdag: Lågterskeltrening i gymsalen på Trivselstunet kl. 10.30–11.15 (sjå aktivitetsplan)
Onsdag: Tur i nærområdet kl. 13.00–15.00 (sjå aktivitetsplan)

Ta kontakt med aktivitetskoordinatorane Susanne (48 22 14 85) eller Jakob (92 03 84 20) dersom du ønskjer å delta, har innspel eller er nysgjerrig.
Trivselstunet
Kva er Trivselstunet?
Trivselstunet er eit aktivitetssenter innan psykisk helse- og rustenester i Sogndal kommune. Senteret ligg sentralt til i flotte, nyoppussa lokale i Fossetunvegen 1A i Sogndal sentrum. Tilbodet er under utvikling.
Første etasje er universelt utforma og legg godt til rette for matlaging, sosiale samvær og kreative aktivitetar. Her finn du sofakrokar, arbeidsbord og eit godt utstyrt, ope kjøkken. Kjøkkenområdet har store vindauge med panoramautsikt over Sognefjorden og Storhaugen. I kjellaren har vi ein fin treningssal der fysisk aktivitet står i fokus.
Utanfor bygget er det enkel tilgang til kommunal parkeringsplass, med kort veg til hovudinngangen.
Er Trivselstunet noko for deg?
Trivselstunet er eit rusfritt tilbod for deg over 18 år som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus, og som ønskjer å vere i aktivitet og ta del i eit sosialt fellesskap. Du avgjer sjølv om tilbodet passar for deg, og du treng inga tilvising for å kome hit.
Kva kan ein gjere på Trivselstunet?
Som deltakar på Trivselstunet kan du vere med og påverke kva aktivitetar som blir arrangerte. Aktivitetane kan vere alt strikking, brettspel, kreativt verkstadarbeid eller å ta ein kaffi i lag med andre.
Moglegheitene er mange, og deltakarane har stor innverknad på kva som blir tilbydd. Har du forslag til aktivitetar, tek vi gjerne imot dei. På Trivselstunet kan du kome som du er, og du vel sjølv kva du ønskjer å delta på.
Kostar det noko å delta på Trivselstunet?
Det er gratis å delta på Trivselstunet, men deltakarane må sjølve dekke utgifter til materiell (til dømes lerret ved måling), transport til og frå aktivitetar, samt mat og drikke. Det er tillate å ta med eige utstyr til aktivitetar og eiga niste om du ønskjer det.
Dei dagane vi lagar mat saman, har vi spleiselag. Betaling skjer via faktura som blir sendt i posten.
Opningstider på Trivselstunet
Måndag:
- Stengt
Tysdag:
- Ope hus kl. 10–14
Onsdag:
- Ope hus kl. 10–13
- Tur i nærområdet kl. 13–15
Torsdag:
- Ope hus kl. 10–12
- Felles lunsj kl. 12–15 (Pris: lunsj 35 kr, kaffi 15 kr)
Fredag:
- Stengt
Nokre aktivitetar krev påmelding, medan andre er opne for alle. Dette er forklart i vekeplanen. Ta ein kikk på vekeplanen for aktivitetstilbodet denne veka:

Registrering
Alle som ønskjer å vere deltakar på aktivitetssenteret vårt, må registrere seg og skrive under på ein avtale for bruk av senteret. Opplysningane blir lagra på ein trygg måte så lenge du nyttar tilbodet vårt.
Kven kan eg kontakte, og korleis blir eg med?
Ønskjer du å vere med, eller er du berre litt nysgjerrig? Ta kontakt med aktivitetskoordinatorane Susanne på telefon 48 22 14 85 eller Jakob på 92 03 84 20 for ein uforpliktande prat.
Dersom du ønskjer å delta på aktivitetssenteret, avtalar vi ei omvising utanom opningstid.
Aktivitetstilbod Leikanger
Leikanger:
Lunsj i Lundheim kvar måndag kl 12-14. Pris kr 30. Påmelding innan kl 10 same dag.
Aktivitetstilbod Balestrand
Balestrand:
Her har me for tida ikkje noko fast tilbod grunna manglande etterspurnad. Ta kontakt ved interesse.