Kva kan me hjelpe deg med?

Me kan hjelpe deg med utlån av hjelpemiddel gratis for ein kortare- eller lengre periode. Mål og hensikt er å leve mest mogleg sjølvstendig og aktivt i eigen kvardag eller for å lette stell- og pleiesituasjon. Du kan få låne hjelpemiddel til bruk i heim, nærmiljø, barnehage, skule, arbeid eller fritid. 

Utstyr som er vanleg for befolkninga å ha, eller som er å få tak i vanleg handel, må du kjøpe sjølv, og vert ikkje lånt ut. Eksempel på ting du må kjøpa sjølv er fornuftige møblar og praktisk innreiing, handtak til vegg, sklisikring av trapp, rekkverk, forhøgningsklossar, gripetang og strømpepåtrekkar, brannteppe og røykeforkle, god grunnbelysning, mobiltelefon, nettbrett, robotstøvsuger, el-sykkel og treningsutstyr.

Midlertidig behov

Sogndal kommune har hjelpemiddel til utlån ved kortvarig funksjonsnedsetjing etter operasjon, sjukdom og skade. Eksempel på hjelpemiddel er rullator, transportrullestol, toalettforhøgar og dusjstol.  

Me oppmodar om å melde behov i god tid.

Ved behov for korttidsutlån av hjelpemiddel kontakt ergoterapitenesta på telefon 47 76 87 74 i telefontid tysdag, onsdag, torsdag kl. 12-14. 

Langvarig behov

Ved varig (over to år) og vesentleg redusert funksjon kan du søke Nav Hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel. Du kan få hjelpemiddel frå Nav om du har vanska med bevegelse og forflytning, til hygiene, bustad, bil, ved vanskar med hukommelse og orientering, kommunikasjon og tale, lese- og skrivevanskar, syn, høyrsel og til fritidsaktivitet.

Les meir om områda, rettigheiter og moglegheiter på Nav.

Ein ergoterapeut, fysioterapeut eller tilsett i kommunal helseteneste kan hjelpe deg med å kartlegge behov og funksjon, sende søknad, gi opplæring og oppfølging.  

  • Har du ønskje om vurdering eller spørsmål om langvarig behov, kontakt ergoterapitenesta på telefon 47 76 87 74 i telefontida tysdag, onsdag og torsdag kl. 12-14. 

Tilskot til småhjelpemiddel

Har du ein varig funksjonsnedsetting og treng spesialreiskap- og utstyr i daglege aktivitetar, kan du søke om tilskot til rimelege hjelpemiddel frå Nav.

Dette gjeld reiskap som kan gjere aktivitetar i kvardagen enklare. Eksempel er reiskap til matlaging, påkledning, hygiene med meir. Dette må du gå til innkjøp av sjølv. Du finn mykje aktuelt på apotek, i sportsbutikk, i daglegvarebutikken og nettbutikk. Eit søk i nettlesar på «ADL småhjelpemidler» eller «aktuell gjeremål + hjelpemiddel» vil syne forslag til utstyr.

Utlevering og montering

Hjelpemiddel vert sett fram til henting ved Sogndal helse- og omsorgssenter, Leikanger sjukeheim eller Balestrand helsetun.

Det skal som hovudregel hentast av deg, pårørande eller nokon i nettverket ditt. Du er sjølv ansvarleg for enklare montering og plassering av hjelpemiddel i bustaden din. Eksempel på dette er toalettforhøgar, terskeleliminator til dørtersklar og støttehandtak på vegg.

Ved større eller fleire hjelpemiddel som krev varebil, vil kommunen ta kontakt og sørge for utkøyring og montering. Dette gjeld til dømes for personløftar, stol med oppreisningsfunksjon, støttestang, sjukehusseng, elektrisk rullestol og komfortrullestol.

Innlevering

Når du ikkje har behov for hjelpemiddelet lenger, har du ansvar for å levera det tilbake i reingjort tilstand. Unntak er henting av større og fleire hjelpemiddel som krev varebil og/eller teknisk demontering.

Vedlikehald og reperasjon av Nav-hjelpemiddel

Du har ansvar for å ta godt vare på hjelpemiddel du låner. Reinhald, oppbevaring, lading og byte av vanleg batteri er døme på normalt vedlikehald. Sett deg inn i bruksanvisning og ta kontakt med ergoterapitenesta om du har spørsmål. Viktig informasjon om vedlikehald av hjelpemiddel på nettsida til Nav  

Ved behov for reparasjon eller teknisk hjelp kontakt ergoterapitenesta på telefon 47 76 87 74 i telefontida tysdag, onsdag og torsdag kl. 12-14 eller hjelpemiddelteknikar på telefon 99 28 60 52 for å avtale tilsyn.  

Akutt behov og i naudsituasjon utanom kommunal opningstid ring Nav servicetelefon 91 78 11 22, ope kl. 15.30–24.00 kvardagar og kl. 08.00–24.00 helg og heilagdag.