Hukommelsesteamet i Sogndal består i dag av 4 personar, med kontaktar i Balestrand, Leikanger og Sogndal. Dette er sjuke- og vernepleiarar som er knytte opp mot pleie- og omsorgstenesta.

Kva kan hukommelsesteamet hjelpe deg med?

  • Heimebesøk, der ein kan utføra kartlegging og utgreiing ved mistanke om demens, i samarbeid med legetenesta
  • Samtale og informasjon til pasient og pårørande
  • Oppfølging i heimen og institusjon
  • Pårørandeskule og samtalegruppe for pårørande
  • Informasjon om tenestetilbod, eventuelt hjelp til søknader

Du treng ikkje henvisning eller søknad for å kontakte hukommelsesteamet.