Kurstilbod 

Stressmeistringskurs: For deg som opplev ein kvardag prega av høgt stressnivå, som kjenner på auka irrabilitet, indre uro, muskelplager eller andre stresssymptom. På kurset lærer du om kva stress er, korleis negativt stress kan påverke kvardagen, og du får opplæring i verktøy ein kan nytte seg av for å handtere og redusere negativt stress. På kurset får du utdelt arbeidsark med informasjon og oppgåver. Kurset går over 2 samlingar på 2 timar, og er eit samarbeid mellom RPH Sogndal og Frisklivssentralen Sogn. Kursleiarane har bakgrunn som kognitiv terapeut, helserådgjevar. Har du spørsmål kan du ringe RPH på tlf. 90 71 55 45 alle kvardagar mellom kl 09:00-14:00, ein av oss i Frisklivssentralen, eller melde deg på ved å følge påmeldingslenke til kurs i stressmeistring.

Hverdagsglede-kurs: her får du kunnskap, inspirasjon, råd og hjelp til å øve på fem grep som kan gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. Kurset går over seks samlingar, og er samansett av undervisning, samtalar og heimeoppgåver. Dette er enkle grep som kan vera nyttig for alle å ha med seg i livet. Klikk her for lenke til kortfilm av dei fem grepaPåmeldingslenke til kurs i Hverdagsglede

Søvnkurs: For deg som har utfordringar med søvn og ønskjer å gjera noko med det. Målet er at du skal lære om søvn og gode søvnvanar, bli meir nøgd med søvnen din, og sova betre. På kurset får du auka kunnskap og ulike verktøy for vidare arbeid med søvn. Påmeldingslenke til Sov godt-kurs.

Praktisk matlaging: To timars økt for deg som ønskjer inspirasjon og erfaring på matlagingsfronten. Me lagar sunn kvardagsmat og ét i lag. I tillegg til matlaging blir det god tid til spørsmål og samtale. Info om neste arrangement.

Temaprat om fysisk aktivitet: for deg som ønskjer å rette fokus på dine aktivitetsvanar. I løpet av temapraten blir det ein undervisningsdel, samt god tid til spørsmål og samtale. Det blir også individuell jobbing med oppgåver knytt til endring av eigne vanar.  

Ta kontakt om du lurer på noko eller vil melde deg på kurs.

 

KOLS-rehabilitering: 
Sogndal kommune vil hausten 2025 gje eit tilbod om eit rehabiliteringsprogram for personar med diagnosen KOLS. Det vil bli arrangert på Sogndal helse og omsorgssenter (SHOS) og foregå i grupper på 6-8 deltakarar, men òg med individuelle samtalar og veiledning. Ulike faggrupper som lege, fysioterapeut, sjukepleiar og ergoterapeut vil vere tilknytt programmet.Programmet er for deg som har ein lungesjukdom og opplever tung pust, hoste og eventuelt slim, og at dette begrensar deg i kvardagen din.

Målet med programmet er at du skal leve best mogleg med lungesjukdomen ved å få auka kunnskap og innsikt i eigen sjukdom, meistre  livssituasjon din betre, få auka evne til å klare dei daglege aktivitetane og bli motivert til fysisk aktivitet.

Du vil få læra meir om

  • pusteteknikk
  • trening
  • korleis tilpasse behandling etter form
  • korleis meistre stress
  • gode matvanar
  • korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte
  • korleis bruke energien du har på ein smart måte
  • korleis ta medisin slik at du får best effekt 

Kor mykje tid tek det?

Programmet går over 7 veker med oppstart i september 2025. Ein dag i veka vil det vere undervisning og  to dagar i veka  med trening. Det vil og vere høve til individuell samtale/veiledning med sjukepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut gjennom programmet. 

Håpar dette er noko du ynskjer å delta på! Ta kontakt med fastlegen din for å bli registrert!

 

Sjølvhjelp:

Kom i gang på eiga hand! Helse Norge har samla gode kvardagsråd og kunnskapsbaserte apper og verktøy som gjer det lettare å få til ei endring. Sjekk ut HelseNorge si  "Lev" på: https://www.helsenorge.no/lev