Føremålet med digital heimeoppfølging er å gjere innbyggaren i betre stand til å handtere eiga helse, fange opp forverringar tidleg og dermed kunne førebygge behov for legebesøk, sjukehusreiser og innleggingar.
Målingane dine vert overført direkte inn i appen MyDignio, som du har tilgang til via telefonen eller nettbrettet ditt. Helsepersonell følger dagleg opp målingar teke før kl. 12 (vekedagar) og tek kontakt med deg dersom du har målingar utanfor normalen. Du vil også svare på spørjeskjema om korleis du opplever dagsformen din.
Du vil få utlevert utstyr til å ta målingar med og opplæring frå kommunen.
Eigenbehandlingsplan
Dersom du har digital heimeoppfølging vil fastlegen din utarbeide ein eigenbehandlingsplan saman med deg og oppfølgingstenesta. Planen inneheld grenseverdiar for deg og konkrete tiltak ved forverring av helsetilstand. Tiltaka kan vere medikamentelle og ikkje-medikamentelle. Helsepersonell i kommunen og oppfølgingstenesta vil ha tilgang til registreringane du legg inn i MyDignio, og kan gje rettleiing og støtte ved behov. Eigenbehandlingsplanen inneheld tiltak du kan gjere i samråd med oppfølgingstenesta dersom du opplever ein forverra helsetilstand. Ved bruk av eigenbehandlingsplan kan oppfølgingstenesta støtte deg i å gjere gode val i forhold til din sjukdom og dine symptom, og gjere deg best mogeleg i stand til å handtere sjukdom og førebygge forverring av din tilstand.
App: MyDignio
MyDignio er ein app som er enkel i bruk, men krev at du har telefon eller nettbrett tilgjengeleg. Måleapparata (som td. Oksygenmålar) er synkronisert med appen din, og fører målingane direkte inn i kurva di. Dersom målingane som vert teke er i gul eller raud sone, vil helsepersonell få varsel om dette og kunne kontakte deg. Det er også mogleg å sende meldingar og ha videosamtale med oppfølgingstenesta via appen. Du vil få opplæring i korleis du nyttar appen av helsepersonell på helsetorget i Sogndal kommune.
Om digital heimeoppfølging
Digital heimeoppfølging er ei gratis teneste til innbyggjarar i kommunen som er vurdert å ha nytte av eit slik tilbod.
Digital heimeoppfølging er ikkje noko akutt-teneste. Det er difor viktig at du tek direkte kontakt med lege eller legevakt som før, dersom du skulle bli dårleg. Dette gjeld også dersom nettverk eller det digitale systemet er ute av drift.
Telefonnummer til legevakta er 116117.
Ved akutt eller kritisk sjukdom ring 113.
Kontakt
Dersom dette er interessant, kom innom helsetorget i første etasje på Sogndal helse- og omsorgssenter for ein samtale. Opningstid måndag-onsdag kl. 09.00-14.00.
Du kan også ta kontakt på telefonnummer 904 11 502.