Sogndal ressurssenter er ei kommunal tenesteeining som gjev dagtilbod innan arbeidsretta aktivitet, opplæring og oppfølging til menneske som har behov for bistand.

Målet med Sogndal ressurssenter er å gi alle ein meiningsfull kvardag med stor grad av meistring. Det skal vere ein stad der kvar einskild brukar føler seg respektert.

Målgruppa er menneske med bistandsbehov som ikkje ved eiga hjelp kan oppsøkje stadar og miljø som gjev høve til eit aktivt og meiningsfullt tiltak i fellesskap med andre.

Sjølv om vi har fokus på arbeid, er det viktig å krydre kvardagen med andre aktivitetar, aktivitetar som skapar samhald og gode opplevingar for den enkelte.