Kva gjer ein støttekontakt?
Ein støttekontakt besøker ofte personar som ikkje kjem seg ut på eigahand, eller hjelper dei til å meistre ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakt hjelper andre personar til å ha ein aktiv og meiningsfylt fritid.
Krav til søkjar
- Du må vere over 16 år
- Du må leggje fram politiattest
- Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Du vil få opplæring og oppfølging av fagfolk.
- Du bør vere sosialt engasjert og ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for brukaren, bør du kunne binde deg over en lengre periode.
Slik søker du om å jobbe som støttekontakt
Du sender inn ein open søknad per post eller digitalt til kommunen. I søknaden fortel du litt om deg sjølv:
- Namn
- Alder
- Utdanning
- Arbeidserfaring
- Fritidsinteresser
- Kva brukarar du helst vil jobbe med, til dømes psykisk utviklingshemma, barn/ungdom, funksjonshemma, mennesker fra andre kulturer
- Er du student og veit at du skal ha lengre praksisperiodar der du ikkje oppheld deg i Sogndal kommune, og/eller skal være vekke store deler av sommaren, venleg opplys om dette i søknaden
Kva skjer vidare?
Er det ikkje ledige stillingar som støttekontakt, legg vi søknaden din i ein søknadsbank.
Du vil bli kontakta dersom det blir ledige oppdrag.
Pr. no er støttekontakt lønna med 164 kr. timen. Lønn er den same uavhengig av alder, utdanning eller erfaring.
Vil du bli støttekontakt?
Støttekontakt - søknad som (KF-P353-FK)
Vil du ha meir info om tenesta?
Les meir om støttekontakttenesta