Kommunen skal sørgje for at dei som oppheld seg i kommunen, får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester (Helse- og omsorgstenestelova § 3-1). For å oppfylle krava, skal kommunane tilby ei rekkje tenester. Kommunen har ansvar for at tenestene er fagleg forsvarlege og er tilstrekkeleg dimensjonerte.

Sogndal kommune har som mål at heimetenesta skal vere så god, at ein kan bu i eigen bustad så lenge som mogeleg. Vidare legg vi vekt på at ingen skal bli fråteken oppgåver som dei kan utføre sjølv, og at hjelpa skal gjevast på lågast mogleg nivå. Dette prinsippet vert ofte kalla BEON (beste effektive omsorgsnivå). Ifølgje samhandlingsreforma (St.meld. nr. 47 (2008-2009)), skal kommunane i større grad tilby førebyggande tenester og hjelp til sjølvhjelp. Døme på slike tenester og tiltak kan vere ulike lågterskeltenester og tilbod gjennom frivillige organisasjonar/ lokalsamfunn. Gje informasjon om tilrettelegging av eigen heim, hjelpemiddel, dagaktivitetstilbod og rehabilitering av funksjon.

Tenestetilbodet i kommunane vert ofte inndelt i ei omsorgstrapp med ulike nivå. Ei omsorgstrapp syner kva nivå dei ulike omsorgstenestene ligg på. Sogndal kommune har utarbeida ei eiga omsorgstrapp, som blir nytta som reiskap for vurdering av behov og tiltak hjå den som søkjer om tenester. Det er behovet til søkjaren som avgjer kva trinn i omsorgstrappa ein er på. Tanken er at ein startar langt nede i omsorgstrappa, der helsefremjing og førebygging er i fokus. Vidare kjem ein over på rehabiliterande tiltak og avlastning, og til sist behandling og lindrande omsorg (palliasjon).

Kommunen ynskjer framover å fokusera på å styrke dei nedste trinna i omsorgstrappa. Dette kan gje auka livskvalitet og helse hjå innbyggjaren, og kan bidra til å utsetje, og i nokre tilfelle gjere at det ikkje er behov for omfattande kommunale helse- og omsorgstenester. Tverrfagleg samarbeid, samarbeid med pårørande, aktivitet i frivillige organisasjonar og aktive lokalsamfunn er viktig for å skape ei berekraftig og god helse- og omsorgsteneste i kommunen.

Eg klarer meg sjølv

  • ivaretek eigenomsorg heime

Eg klarer meg ganske godt sjølv

  • Bur heime
  • Frivilligheit
  • Dagsenter
  • Rask psykisk helsehjelp (RPH)
  • Psykisk helse- og rusteam
  • Frisklivssentral
  • Førebyggjande treningsgruppe

Eg har behov for litt hjelp

  • Bur heime
  • Fysioterapi
  • Ergoterapi
  • Hjelpemiddel
  • Tryggleiksalarm og velferdsteknologi
  • Kvardagsrehabilitering
  • Praktisk bistand -opplæring
  • Middagsombringing
  • Ressurssenter
  • Hukommelsesteam
  • Kreftkoordinator
  • Parkerkeringskort for forflyttingshemma
  • Følgjekort

Eg treng hjelp heime

  • Bur heime
  • Praktisk bistand - daglege gjeremål
  • Omsorgsstønad
  • Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  • Helsetenester i heimen
  • Omsorgsbustad
  • Dagsenter for personar med demenssjukdom
  • Støttekontakt

Eg treng meir hjelp i periodar

  • Bur delvis heime
  • Korttidsopphald
  • Kommunal akutt døgneining
  • Avlastande tiltak

Eg treng hjelp mykje av tida

  • Bur i bustad som kommunen disponerar til heildøgns helse- og omsorgsformål
  • Prestahagen
  • Plassen
  • Seljetunet
  • Victoriahagen
  • Fjærestad
  • Eplehagen
  • Stadheimsgarden
  • Stedjevegen

Eg treng hjelp heile døgnet

  • Sjukeheim
  • Spesialbustad (Barnebustad)
  • Spesialtiltak (bu- og miljø)