Søk riktige helse og- omsorgstenester

Kommunen har fleire ulike helse- og omsorgstenester, og det kan vere vanskeleg å vite kva for tenester som vil vere rett for å dekkje ditt hjelpebehov.

Du kan ta kontakt med tildelingskontoret dersom du treng informasjon om kva tenester som finst, og kva som kan passe for deg i din situasjon.

Målet er å finne individuelle løysingar som bidreg til at du kan fungere best mogleg i daglege aktivitetar.

Slik søkjer du

Du nyttar same søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester (med unntak av parkeringsløyve for rørslehemma, her er det eige skjema).

Du kan søkje på papirskjema, eller logge inn via ID- porten og søkje elektronisk. Søknad på papir sender du til: Tildelingskontoret, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Vestland fylkeskommune har ansvar for tt-kort. Meir informasjon om tt-kort finn du på nettsida til Vestland fylkeskommune

Kven kan søkje?

Det er den som har behov for tenester som må sende inn søknad til kommunen. Dersom du ikkje klarer å sende inn søknad sjølv, kan du få hjelp frå andre. Du må du hugse å legge ved fullmakt. Informasjon om fullmakt.

Dersom du har behov for tolk, har du rett til å få det.

I søknaden må du skildre så godt som mogleg

  • kva behov du har
  • kva hjelp du opplever at du treng
  • kva du meistrar sjølv
  • kva du har utfordringar med
  • kva tiltak som alt er prøvd ut  

Du treng ikkje oppsøkja/kontakta fastlegen din når du skal fylla ut søknaden. Tildelingskontoret kan få opplysningar frå fastlege/helsepersonale etter samtykke frå deg som søkjar, dersom det er behov for det.

Du må signera på søknaden og på samtykke til innhenting av informasjon. Du bestemmer kva tenester tildelingskontoret får henta informasjon frå.   

Sakshandsaming

Kommunen hentar inn dei opplysningane me treng for å avgjere saka. Det blir deretter fatta eit vedtak. Vedtaket ditt vil innehalde ei grunning for kvifor du får, eller ikkje får, ei teneste. Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage.

Sakshandsamingstid

Kommunen handsamar saka di så fort som mogleg. Dersom me ikkje kan avgjera saka di innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du får i same brevet vita når du kan vente svar på søknaden din.

Søknadsskjema

Søk elektronisk om helse- og omsorgstenester: Pleie- og omsorgstenester - Søknad om (KF-158-5047)

Søknadsskjema du kan skriva ut (pdf)

Søk elektronisk om parkeringsbevis for forflyttingshemma: Parkeringsbevis for rørslehemma (KF-P299-FK)