Kva er eit vurderingsteam?

Vurderingsteamet er eit tverrfagleg team i Sogndal kommune, samansett av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapeut og fysioterapeut og sakshandsamar. Samla har dei brei kompetanse til å kartleggje behova dine og foreslå tiltak som kan hjelpe deg å meistre kvardagen best mogleg i eigen heim. Teamet gir informasjon om kva for tenester og tilbod som finst i kommunen, og vurderer behov for trening, hjelpemiddel, tilrettelegging av bustad og helseteknologi.

Kven kan få hjelp frå vurderingsteamet?

Teamet skal hjelpe vaksne og eldre som:

  • nyleg er skrivne ut frå sjukehus
  • har opplevd funksjonsfall eller nedsett funksjon i kvardagen
  • vurderer å søkje om helse- og omsorgstenester

Kva oppfølging kan du forvente å få frå vurderingsteamet?

Slik føregår oppfølginga frå vurderingsteamet:

  1. Første kontakt: Du blir kontakta kort tid etter at du er skriven ut frå sjukehus eller etter at du har meldt frå om endra behov.
  2. Kartleggingssamtale: Vi kjem heim til deg og snakkar saman om korleis du har det. I lag finn vi ut kva som er viktig for deg, og avklare forventningar. Du kan gjerne ha med ein pårørande viss du vil.
  3. Tiltak og oppfølging: I løpet av dei neste dagane får du hjelp med det du treng – til dømes trening, oppfølging av hjelpebehov, hjelpemiddel eller informasjon om kommunale tilbod.
  4. Justering: Etter ei veke vurderer teamet saman med deg om tiltaka fungerer eller om det er behov for å endre/ justere oppfølginga.
  5. Vidare plan: Etter 14 dagar blir det gjort ei sluttvurdering. Dersom du har behov for meir hjelp, blir du overført til andre tenester i kommunen (til dømes heimetenester eller kvardagsrehabilitering). Teamet vil gje deg informasjon om tilbod i kommunen, til dømes lågterskeltilbod og frivillige tilbod/ ordningar.
  6. Dersom du klarer deg sjølv, avsluttar teamet oppfølginga.

Vurderingsteamet hjelper deg å få rett hjelp – på rett tid – og med målet om at du skal vere mest mogleg sjølvstendig i eigen heim. Vurderingsteamet har som mål å vere tett på i starten, og trekke seg gradvis ut når du opplever å meistre kvardagen betre.

Kor lenge kan du få oppfølging?

Vurderingsteamet gir som regel kortvarig og intensiv oppfølging i ein avgrensa periode på inntil 14 dagar. I denne perioden kartlegg teamet behova dine og hjelper deg i gang med tiltak som gjer at du kan meistre kvardagen betre i eigen heim. Målet er at du skal få rett hjelp til rett tid – og at tenestene kan tilpassast eller avsluttast når du er trygg og meir sjølvstendig.

Etter kartleggingsperioden vil teamet vurdere om du treng vidare oppfølging frå andre tenester i kommunen, som til dømes heimetenester, kvardagsrehabilitering eller fysioterapi.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Dersom du treng undersøking eller behandling av fysioterapeut i etterkant av oppfølging av vurderingsteam, gjeld vanleg eigenandel etter eigne satsar. Du kan lese meir om frikortordninga på helsenorge.no.