Me har fleire helsearbeidarar med spisskompetanse i kreftsjukepleie og palliasjon som koordinerer og tilrettelegg kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.

Viss du opplever kreftsjukdom og ynskjer å ha nokon å snakke med, kan du ta kontakt med helse og omsorg på tlf. 40 02 29 70. Me er å nå på dette nummeret måndag til fredag kl. 08.00–15.00 (vinter kl.15.45).