Me har fleire helsearbeidarar med spisskompetanse i kreftsjukepleie og palliasjon som koordinerer og tilrettelegg kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.
Viss du opplever kreftsjukdom og treng bistand til noko eller berre ynskjer å ha nokon å snakke med, kan du ta kontakt med kreftkoordinator på tlf 99 28 62 29.
Kreftkoordinator er å nå på dette nummeret måndag, onsdag og annakvar fredag (partalsveker) kl. 08-15.
Ved behov utanom kreftkoordinator si kontortid, kan du ta kontakt med helse- og omsorg på tlf 40 02 29 70 kl. 08-15.