Risikoen for å bli sjuk ved bading i friluftsbad (badestrand e.l.) eller i eit symjebasseng i Norge er normalt liten. Dette skuldast at det er få badestrender og badeplassar som ligg nær utslepp av avløpsvatn. Dårleg drivne reinseanlegg ved bassengbad er vist å kunne gje opphav til sjukdomsutbrudd, spesielt hos personar med nedsett immunforsvar. Dårleg drivne boblebad medfører spesielt høg sjukdomsrisiko.

Krav og tilsyn
Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v. stiller krav til at dei som eig eller driv slike anlegg skal sørge for at anlegget er utforma slik at omsynet til helse, hygiene og sikkerheit er ivareteke. 

Kommunen fører tilsyn med alle boblebad, basseng og badeanlegg som er tilgjengelege for ålmenta.

Meldeskjema for verksemder:  

Verksemder med badstu, boblebad og badeanlegg skal melde desse til kommunen ved oppstart eller ved vesentlege endringar.

Meldeskjema.pdf 

Meldeskjema bassengbad[2].doc

Elektronisk meldeskjema: Meldingsskjema for badeanlegg (KF-290)

Klage

Har du fått infeksjon eller sjukdom etter besøk i offentleg tilgjengeleg badeanlegg eller boblebad, kan du sende ei skriftleg klage til  Miljøretta helsevern Indre Sogn. Du kan også klage om du meiner forholda i anlegget bryt med forskriftskrava. I klagen må du skildre kvar du har nytta badeanlegg, tidspunkt, korleis du er plaga, samt om du har vore i kontakt med anleggseigar om forholdet. Send til mhv@sogndal.kommune.no 

For meir informasjon sjå:

Folkehelseinstituttet: Smittespredning gjennom badevann

Rettleiar til bassengbadforskrifta - lenkje kjem.

Forebygging legionellasmitte - trykk på bildet under: 

cE 0yq 0jwBmMAAAAASUVORK 5CYII=