Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
29. juli 2021 kl. 22:35

Informasjon om koronaviruset

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og annan informasjon knytt til koronaviruset.

Les mer

Om miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern Indre Sogn (MHV) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Årdal, Aurland, Lærdal, Luster og Sogndal. MHV består av to fast tilsette ingeniørar og fire kommuneoverlegar.

Kva oppgåver ligg til miljøretta helsevern?

Arbeidet til miljøretta helsevern skal fremme innbyggjarane si helse og beskytte mot forhold som kan føre til helseskade. Kommunen er tildelt ansvar og oppgåver som forvaltningsmyndigheit innanfor folkehelse og miljøretta helsevern. MHV er den instansen som utøver kommunen sitt forvaltningsarbeid, i nært samarbeid med kommuneoverlegen i kvar kommune.

Hovudoppgåvene er:

  • Føre tilsyn i skular, barnehagar, solarier, tatoveringsstudio, basseng, frisørar, hudpleieverksemder, campingplassar med fleire.
  • Sakshandsaming og rettleiing om miljøfaktorar som støy, luftforureining, inneklima, stråling, avfallshandtering, hygiene, skadedyr.
  • Vurdere helsemessige forhold i planarbeid.

Fleire verksemder har meldeplikt til kommunen før oppstart eller ved endring.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker

Kontakt

Ingeniør Elin Åsnes Øvretun
Mobil: 481 40 349

Ingeniør Anne Sigrid Loftesnes Harjo
Mobil: 922 88 948

Kart
Sist oppdatert 01. juni 2021