Solarium

Forsking har vist at solariebruk kan auke risiko for føflekkkreft. Særleg om ein starter i ung alder, og ved langvarig og hyppig bruk. Det er 18-års aldersgrense for bruk av solarier.  Strålevernforskriften stiller krav til eigarar, forhandlarar og importørar av solarium. Lokale som blir benytta til solarium er i tillegg til strålevernforskrifta også omfatta av forskift om hygienekrav. Dette for å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og hindre overføring av smittsame sjukdommar.

Kva gjer miljøretta helsevern?

Lokaler som skal nyttast til solarium er meldepliktige til kommunen (miljøretta helsevern). Meldeskjema finn du her. Både Dirketorat for strålevern og atomsikkerhet (DSA) og kommunen (miljøretta helsevern) kan utføre tilsyn med solarier.

Krav som gjeld for dei som eig eller driv solarium:

Regelverk og rettleiing:

Temaside om sol og solarium - DSA

Strålevernforskriften

Veileder til strålevernforskriften

Radon

Radon er ein usynleg og luktfri radioaktiv gass. Radon vert danna i grunn og kjelder til radon er berggrunn, bygningsmateriale og fyllingsmasser. Radon i inneluft kan auke risiko for lungekreft.

Du må måle for å finne ut om det er radon i bustaden din. Måling av radon bør skje i perioden oktober til april og bør pågå over minimum 2 månader. Har du målt radonnivåer over 100 Bq/m³ (tiltaksgrense), bør du gjere tiltak for å redusere nivået. Radonnivået bør ikkje overstige grenseverdien på 200 Bq/m3.

Kva gjer miljøretta helsevern?

Strålevernforskrifta stiller krav med grenser for radon i bustad for utleige, skular og barnehager. For andre bustader tilrår DSA at ein skal ha så låge radonnivå som praktisk mogleg, og innafor tilrådde grenseverdiar. Miljøretta helsevern kan bistå i arbeidet med kartlegging og måling av radon for skular og barnehagar.

Rettleiing:

Temaside om radon - DSA

Radon i utleigebustad

Måleprosedyre for radon i skule og barnehage - DSA

Laser og lys

Laser og lys blir brukte på ulike område – frå medisinsk og kosmetisk behandling til sterilisering av utstyr, reinsing av vatn, herding av materiale, belysning og landmåling. Bruken av sterke optiske kjelder er regulert i strålevernforskrifta, og medisinsk og kosmetisk bruk er særskilt regulert. Alle verksemder som skaffar seg eller nyttar laser klasse 4 må melde frå om dette til Direktorat for strålevern og atomsikkerheit (DSA). DSA har etablert eit eige meldesystem for dette.

Straum og høgspent

Rundt høgspentlinjer og transformatorar oppstår det elektriske og magnetiske felt, som samla blir kalla elektromagnetiske felt, EMF. Det er ikkje dokumentert at det er helseskadeleg å vere i nærleiken av magnetfelt så lenge nivået er under dei anbefalte grenseverdiane. Det er heller ikkje dokumentert noko samanheng mellom eksponering for EMF og ulike plager. Rapport frå Folkehelseinstituttet – «Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt – en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis».

Grenseverdien for magnetfelt frå straumnettet i Noreg er 200 mikrotesla (µT) for befolkninga. Vi blir normalt ikkje eksponert for så høge verdiar. Verdiane rett under dei kraftigaste høgspentlinjene vi har i Noreg, kan kome opp i 15–20 µT.

Den som planlegg oppføring av bustad, skule eller barnehage i nærleiken av høgspentanlegg, må greie ut om magnetfeltnivåa kan bli høgare enn 0,4 μT i snitt over året. Dette gjeld også for dei som ynskjer å oppføre eller oppgradere høgspentanlegg.

Du kan finne mobilsendarar i ditt nærområde på www.finnsenderen.no